Electric Light Orchestra

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå ELO)
Electric Light Orchestra

ELO på konsert under Time-turneen i 1981.
OpphavBirmingham i England
Aktiv1970–1983, 1985–1986, 2000–2001, 2010–2012, 2014 til i dag[1]
SjangerSymfonisk rock, progressiv rock,
kunstrock, poprock, powerpop
Tilknytte artistarJeff Lynne, The Move, ELO Part II, The Orchestra, Traveling Wilburys, The Idle Race, Olivia Newton-John, Rosie Vela
PlateselskapHarvest, Warner Bros., United Artists, Jet, Columbia, Epic, Legacy, Sony BMG
Siste medlemmerSjå bandmedlemmar
PrisarRock and Roll Hall of Fame

Electric Light Orchestra (ELO) er eit britisk rockeband frå Birmingham i England, som gav ut elleve studioalbum mellom 1971 og 1986 og eit anna album i 2001. ELO vart danna etter Roy Wood og Jeff Lynne ønskte å skape moderne rock- og popsongar med overtonar frå klassisk musikk. Då Wood slutta i bandet etter debutalbumet, skreiv og arrangerte Lynne alle dei originale songane til gruppa, og produserte alle albuma.

Trass i suksess med tidlege singlar i Storbritannia, var band meir populært i USA, og vart omtalt som «Dei engelske fyrane med dei store felene».[2] Dei fekk ein kult-tilhengjarskare trass i lunken kritikk i heimlandet. I midten av 1970-åra hadde dei vorte eit av dei mestseljande banda i verda på den tida. Frå 1972 til 1986 gav ELO ut 27 singlar som nådde topp 40 i både Storbritannia og USA, 20 singlar som nådde topp 20 i Storbritannia og 15 singlar som nådde topp 20 i USA. Bandet har òg rekorden for flest singlar på topp 40 på Billboard Hot 100 i USA, utan å nå toppen av lista med nokon av dei.[3][4]

ELO selde over 50 millionar plater verda over dei 13 åra dei var aktive i studio og på turné.[5]

Historie[endre | endre wikiteksten]

1970–1973: Starten av bandet og dei første albuma[endre | endre wikiteksten]

Seint i 1960-åra fekk Roy Wood — gitarist, vokalist og låtskrivar i The Move — ein ide om å starte eit nytt band som skulle bruke fiolinar, celloar, kontrabassar og blåseinstrument for å gje musikken deira ein smak av klassisk musikk, og ta rocken i den retninga «The Beatles var på veg då dei slutta».[6] Jeff Lynne, som var frontmann i Birmingham-gruppa The Idle Race, likte godt konseptet. I januar 1970, då Carl Wayne slutta i The Move, gjekk Lynne med på den andre invitasjonen til Wood om å starte eit band. Den 12. juli 1970, då Wood la på fleire celloar på ein song skriven av Lynne, som var meint som ei B-side for Move, vart det nye konseptet ein realitet og «10538 Overture» vart den første Electric Light Orchestra-songen. For å få finansiert det nystarta bandet, vart det spelt inn eit Move-album til, Message from the Country, under dei lange ELO-innspelingane. Debutalbumet, The Electric Light Orchestra kom ut i 1971. Det vart gjeve ut i USA i 1972 som No Answer. Dette namnet vart valt fordi ein sekretær i plateselskapet hadde prøvde å ringe det britiske selskapet for å få namnet på plata - men då ho ikkje fekk noko svar, hadde ho skrive «No Answer» (ingen svar) på ein lapp.[7] «10538 Overture» vart ein hit i Storbritannia som nådde topp 10 på singellista. Lynne, Wood og Bev Bevan var dei første medlemmane i Electric Light Orchestra. Dei fekk med eg Bill Hunt (horn, klaverinstrument) og Steve Woolam (fiolin) på debutalbumet.

Den første konserten til ELO fann stad 16. april 1972 i The Greyhound Pub i Croydon[8] i Surrey, med ei besetning som bestod av Wood, Lynne, Bevan, Hunt, Wilfred Gibson (fiolin), Hugh McDowell (cello), Mike Edwards (cello), Andy Craig (cello) og Richard Tandy (bass). Det braut raskt ut krangling mellom Wood og Lynn på grunn av problem med leiinga og ein ubehageleg turné i Italia, der strykeinstrumenta drukna i lyden av dei elektriske instrumenta.[9] Under innspelingane av det andre albumet til bandet slutta Wood i bandet og tok med seg cellisten McDowell og horn/klaverspelaren Hunt med seg for å danne Wizzard. Trass i at musikkpressa trudde at bandet ikkje ville kome til å klare seg utan Wood, som var drivkrafta bak ELO, tok Lynne steget fram og leia bandet med Bev Bevan att på trommer. Inn kom Gibson på fiolin, Richard Tandy på Moog synthesiser, piano og andre klaverinstrument i staden for Hunt, Mike de Albuquerque på bass og vokal, og Mike Edwards og Colin Walker på cello.

Den nye besetninga spelte i 1972 på Reading Festival. Barcus Berry sine nye mikrofonar gjorde at stryketrioen i bandet no kunne høyrast godt i lag med dei elektriske instrumenta. Bandet gav ut det andre albumet sitt, ELO 2 i 1973, som inneheldt den andre topp 10-singelen deira i Storbritannia, ein utførleg versjon av Chuck Berry-klassikaren «Roll Over Beethoven».[10] ELO spelte òg for første gongen på American Bandstand. Under innspelinga av det tredje albumet, fekk Gibson sparken etter ein krangel om pengar, Mik Kaminski kom med som fiolinist, og Walker slutta sidan turnélivet heldt han for mykje borte frå familien. Den attverande cellisten Edwards tok seg då av cellopartia. Albumet, On the Third Day, kom ut seint i 1973. Den amerikanske versjonen av albumet inneheldt den populære singelen «Showdown». Hugh McDowell, som hadde slutta i bandet året før, kom attende for den amerikanske turneen for marknadsføringa av albumet.

1974–1982: Internasjonal suksess og konseptalbum[endre | endre wikiteksten]

For det fjerde albumet til bandet, Eldorado, A Symphony, eit konseptalbum om ein dagdraumar, stoppa Lynne med å legge på lag på lag med strykarar sjølv, og leigde i staden inn eit orkester og kor. Louis Clark lagde strykearrangementet.[11] Den første singelen frå albumet, «Can't Get It Out of My Head», vart den første hitten deira på topp 10 i USA, og Eldorado, A Symphony vart det første albumet til ELO som selde til gullalbum. Etter Eldorado kom ut, vart bassist og vokalist Kelly Groucutt og cellisten Melvyn Gale med i bandet, og erstatta høvesvis de Albuquerque (som i lag med Walker før han slutta sidan turneane til ELO heldt han borte frå familien) og Edwards. Besetninga vart no stabil og bandet valde å gå for ein meir tilgjengeleg stil. ELO hadde blitt ein suksess i USA på denne tida og gruppa vart store stjerner på stadion og arenaer, og spelte ofte på The Midnight Special (1973, 1975, 1976 & 1977), fleire gonger enn noko anna band. Face the Music kom ut i 1975, og gav hitsinglane «Evil Woman», den tredje singelen deira på topp 10 i Storbritannia, og «Strange Magic».[10] Opningsinstrumentalen «Fire on High» nytta ei blanding av strykarar og akustiske gitarar, og vart nytta som bakgrunnsmusikk under klipp i CBS Sports Spectacular. Gruppa turnerte mykje frå 3. februar til 13. april 1976, og spelte 68 konsertar på 76 dagar i USA. Dette var første gongen gruppa nytta farga laserer i showa sine.

Det sjette albumet deira, A New World Record, vart det første albumet deira som nådde topp 10 i Storbritannia då det kom ut i 1976. Albumet selde til platina i USA.[10] Det inneheldt hitsinglane «Livin' Thing», «Telephone Line», «Rockaria!» og «Do Ya», ei nyinnspeling av ein song av The Move. Bandet turnerte berre i USA frå oktober 1976 til april 1977, med ein pause i desember. Dei spelte så på American Music Award den 31. januar 1977,[12] i tillegg til ein enkelkonsert i San Diego i august 1977. Casey Kasem sa at The Electric Light Orchestra er «verdas første turnerande rock 'n' roll-kammergruppe» før han spelte «Livin' Thing» som nådde 28. plassen på singellista i USA.[13] A New World Record vart etterfølgd av dobbeltalbumet Out of the Blue i 1977. Out of the Blue inneheld singlane «Turn to Stone», «Sweet Talkin' Woman», «Mr. Blue Sky» og «Wild West Hero», som alle vart hittar i Storbritannia. Bandet la så ut på ein ni månadar lang turné som bestod av i alt 92 konsertar. Sceneshowet omfatta ein enorm scene forma som eit romskip med tåkemaskinar og laserer. I USA vart konsertane kalla The Big Night og var dei største dei hadde hatt til då. 80 000 menneske såg dei på Cleveland Stadium. The Big Night vart den mest inntektsinnbringande konsertturneen i historia til då (1978).[14] Bandet spelte på Wembley Arena i London og heldt åtte utselde konsertar på rad, noko som òg var rekord på den tida. Den første av desse konsertane vart fanga på lydband og sendt på fjernsyn, og seinare gjeve ut på CD og DVD.

I 1979 kom Discovery ut og det nådde toppen av UK Album Chart.[10] Sjølv om den største hitten på albumet (og den største hitten ELO totalt) var rockesongen «Don't Bring Me Down», var albumet sterkt påverka av disco. Discovery gav òg hittane «Shine a Little Love», «Last Train to London», «Confusion» og «The Diary of Horace Wimp». Ein annan song, «Midnight Blue», vart gjeven ut som singel i Søraust-Asia og vart særleg stor på Filippinane. Bandet laga musikkvideoar for alle songane på albumet.

ELO heldt konsert i Oslo i 1978.

Electric Light Orchestra enda 1979 som det mestseljande bandet i Storbritannia. ELO nådde toppen av karrieren med millionseljande album og singlar, og til og med ein parodi/hyllestsong på Randy Newman-albumet Born Again, kalla «The Story of a Rock and Roll Band». I 1979 avslo Jeff Lynne òg ein invitasjon om å la ELO spele på Knebworth Festival i august det året. Dermed vart det Led Zeppelin som spelte i staden. I 1980 vart Jeff Lynne beden om å lage filmmusikk til musikalfilmen Xanadu. Den andre halvdelen av musikken vart skriven av John Farrar og framført av stjerna i filmen, Olivia Newton-John. Filmen gjorde det dårleg, men filmmusikkalbumet selde særs bra og selde etter kvart til dobbel platinaplate i USA. Albumet inneheldt hitsinglar for både Newton-John («Magic» som nådde toppen av singellista i USA og «Suddenly» med Cliff Richard) og ELO («I'm Alive», som selde til gullplate, «All Over the World» og «Don't Walk Away»). Tittelsporet, framført av Newton-John og ELO, er den einaste ELO-songen som toppa singellista i Storbritannia.[15] Meir enn 25 år seinare, den 10. juli 2007, opna Broadway-musikalen Xanadu, som var basert på filmen ved Helen Hayes Theatre. Han vart nominert til fire Tony Award.

The Electric Light Orchestra Story ei skildring skriven av Bev Bevan frå dei tidlege daga hans og karrieren med The Move og ELO, vart publisert i 1980. I 1981 endra stilen til ELO seg igjen med science fiction-konseptalbumet Time, eit steg attende til meir progressive rockealbum som Eldorado. Utan strykarar tok synthesizerar ei meir dominerande rolle, slik trenden var i musikken på denne tida. Det vart likevel nytta strykarar på somme songar, dirigert av Rainer Pietsch, men det samla lydbiletet hadde ei langt meir elektronisk kjensle i tråd med det futuristiske konseptet på albumet. Time toppa den britiske albumlista i to veker og vart det siste ELO-albumet som selde til platina i Storbritannia. Singlar på albumet var «Hold on Tight», «Twilight», «The Way Life's Meant to Be», «Here Is the News» og «Ticket to the Moon». Bandet la ut på den siste verdsturneen sin for å marknadsføre albumet. Dette var den første ELO-turneen utan cellistar, men Mik Kaminski vart med for å spele den «blå fiolinen» sin. Besetninga bestod i tillegg av Louis Clark og Dave Morgan (gitar, synthesiserar, vokal) som spelte strykarar på synthesiserar, og «Fred the Robot» som hadde stemma på «Prologue» og «Epilogue».

1983–1986, 1989: Secret Messages, oppløysinga og ELO Part II[endre | endre wikiteksten]

Jeff Lynne ønskte å følgje opp Time med eit dobbeltalbum. CBS stoppa desse planane og meinte at eit dobbelt vinylalbum ville bli for dyrt. Det nye albumet vart redigert ned frå eit dobbeltalbum til eit enkeltalbum og gjeve ut som Secret Messages i 1983. (Mange av dei unytta songane vart seinare gjevne ut i Afterglow eller som B-sider på singlar). Albumet vart ein hit i Storbritannia med ei topp 5-plassering. Det vart ikkje noko turné etter albumet. Trommeslagaren Bevan spelte no trommer for Black Sabbath og bassisten Kelly Groucutt hadde slutta. Det gjekk rykte om at bandet var oppløyst, men dette vart avvist av Bevan. Sjølv om Secret Messages debuterte på fjerdeplassen i Storbritannia, fall det raskt ut av lista då det mangla hitsinglar (sjølv om «Rock 'n' Roll Is King» vart ein mindre hit i Storbritannia, USA og Australia). Albumet fekk òg lunkne meldingar i musikkpressa. I 1983 ønskte Bevan å bli fast medlem av Black Sabbath og Lynne og Tandy spelte inn musikk for filmen Electric Dreams under Jeff Lynne sitt namn. Lynne hadde kontrakt om å lage eit ELO-album til. Lynne, Bevan og Tandy gjekk attende i studio i 1985 som eit tremannsband (med Christian Schneider på saksofon på somme songar) for å spele inn Balance of Power, gjeve ut tidleg i 1986. Singelen «Calling America» nådde 28. plassen på den britiske singellista og topp 20 i USA, men ingen av dei andre singlane nådde listene. Albumet vart igjen spelt inn med synthesiserar, spelt av Tandy.

Lynne nytta 7-mannsbandet som spelte på Time-turneen (utanom bassisten Groucutt som var erstatta av Martin Smith), for å spele nokre få ELO-konsertar i 1986, mellom anna i England, Tyskland og i USA med American Bandstand,[16] Solid Gold, så i Disneyland den sommaren.[17] Eit hint av framtida til Lynne oppstod då George Harrison dukka opp på scenen under ekstranummera under ein veldedigheitskonsert, der dei jamma i lag på «Johnny B. Goode». Den siste konserten til ELO på mange år skjedde 13. juli 1986 i Stuttgart i Tyskland, som oppvarmingsband for Rod Stewart. ELO vart oppløyst etter denne konserten, men det vart ikkje annonsert før etter to år. I denne perioden produserte Lynne George Harrison-albumet Cloud Nine og før begge slo seg saman med Roy Orbison, Bob Dylan og Tom Petty og danna Traveling Wilburys som gav ut Traveling Wilburys Vol. 1. Bevan møtte Lynne i 1988 med ønske om å lage eit nytt ELO-album, men Lynne var ikkje interessert og annonserte at ELO var ferdig.

ELO Part II på konsert.

Bevan (med semje frå Lynne som var medeigar i ELO-namnet) heldt fram i 1989 som ELO Part II, først utan nokre andre tidlegare ELO-medlemmar, utanom Clark. ELO Part II gav ut debutalbumet Electric Light Orchestra Part Two i 1990. Mik Kaminski, Kelly Groucutt og Hugh McDowell vart med i bandet for den første turneen i 1991. McDowell slutta etter turneen. Bevan, Groucutt, Kaminski og Clark spelte inn eit nytt album, Moment of Truth, i 1994 og turnerte mykje fram til 1999. Bevan gav seg i bandet i 1999 og selde sin del av ELO-namnet til Jeff Lynne i 2000. Resten av bandet fortsette og skifta namn til The Orchestra.

2000: Attforeining[endre | endre wikiteksten]

Lynne sitt comeback med ELO byrja i 2000 med utgjevinga av plateboksen Flashback, som inneheldt tre CDar med nymastra spor og eit par unytta og uferdige spor, mellom anna ein ny versjon av «Xanadu». I 2001 kom Zoom, det første albumet til ELO sidan 1986. Det vart merka og marknadsført som eit ELO-album, men berre Lynne og Tandy var att frå det tidlegare band. Gjestemusikarar på albumet var Beatles-medlemmene Ringo Starr og George Harrison. Då albumet var ferdig, sette Lynne saman bandet att med heilt nye medlemmar, inkludert den dåverande kjærasten Rosie Vela (som gav ut sitt eige album, Zazu, i 1986) og annonserte at ELO skulle ut på verdsturné igjen. Tidlegare ELO-medlem Tandy vart med bandet kort tid etter for to fjernsynsshow, VH1 Storytellers og ein PBS-konsert i CBS Television City, seinare kalla Zoom Tour Live og gjeve ut på DVD. Den planlagde turneen vart kansellert[18] Harvest og Epic/Legacy gav ut heile katalogen til ELO frå 2001 til 2007. Alle platene vart nymastra og gjevne ut med tidlegare unytta songar og studiopptak, inkludert to nye singlar. Den første var «Surrender» som nådde 81. plassen i Storbritannia, kring 30 år etter han var skriven. DEn andre singelen var ei innspeling som ikkje var gjeven ut før, «Latitude 88 North», gjeve ut som det tredje bonusspor i 2007 på albumet Out of the Blue. Songen var skriven i 1977, men fanst berre som ei demoinnspeling.

2010–åra[endre | endre wikiteksten]

Den 9. august 2010 gav Eagle Rock Entertainment ut Live – The Early Years i Storbritannia som ei DVD-samling som omfatta Fusion – Live in London (1976) i tillegg til konsertopptak som ikkje var gjevne ut før frå Brunel University (1973) og det tyske fjernsynsshowet Rockpalast (1974).[19] Mr. Blue Sky: The Very Best of Electric Light Orchestra kom ut 8. oktober 2012. Det bestod av nyinnspelingar av dei største hittane til ELO, gjort av Lynne, i lag med den nye songen «Point of No Return». Dette kom ut samstundes med det andre soloalbumet til Lynne, Long Wave.[20]

I 2012 kom Lynne og Tandy saman i Lynne sitt Bungalow Palace heimestudio for å spele inn ELO-songar. Dette vart sendt på TV som ein del av dokumentaren Mr. Blue Sky.

Lynne og Tandy kom saman att 12. november 2013 for ein ny konsert, under namnet Jeff Lynne and Friends, «Livin' Thing» og «Mr Blue Sky» vart framført ved Children in Need Rocks-konserten i Hammersmith Eventim Apollo i London. Med seg hadde dei BBC Concert Orchestra, med Chereene Allen på førstefiolin.[21] Suksessen med denne konserten vart bygd vidare på av BBC Radio 2-programleiaren Chris Evans, som spurte lyttarane om dei ønskte ein konsert. Resultatet var at det vart seld 50 000 billettar for BBC Radio 2 sin «Festival in a Day» i Hyde Park den 14. september 2014. Konserten vart utselt på 15 minuttar. Som «Jeff Lynne's ELO» fekk Lynne og Tandy med seg Take That eller bandet til Gary Barlow frå the Children In Need-konserten[22] og the BBC Concert Orchestra. Lynne hinta kort tid etter om ein turné i 2015.[23]

Bandmedlemmar[endre | endre wikiteksten]

  • Jeff Lynne – solovokal, gitarar, bassgitar, klaverinstrument, trommer, cello, produsent, låtskrivar, låtskrivar, arrangør (1970–1986, 2000–2001, 2012, 2014)
  • Bev Bevan – trommer, perkusjon, vokal (1970–1986)
  • Roy Wood – solovokal, gitar, bassgitar, cello, klarinett, fagott, obo, trommer, blokkfløyte, produsent, låtskrivar, arrangør (1970–72)
  • Bill Hunt – klaverinstrument, valthorn, jakthorn (1970–1972)
  • Steve Woolam – fiolin (1970–1971)
  • Richard Tandy – klaverinstrument, synthesiserar, bassgitar, gitar, korvokal, arrangør (1972–1986, 2000–2001, 2012, 2014)
  • Mike Edwards – cello (1972–1974)
  • Wilfred Gibson – fiolin (1972–1973), cello (1972, 1973–1979)
  • Andy Craig – cello (1972)
  • Colin Walker – cello (1972–1973)
  • Mike de Albuquerque – bassgitar, korvokal (1972–1974)

  • Mik Kaminski – fiolin (1973–1986)
  • Louis Clark – orkesterarrangør, dirigent, synthesiserar, klaverinstrument (1974–1986)
  • Kelly Groucutt – bassgitar, korvokal (1974–1983)
  • Melvyn Gale – cello, piano (1975–1979)
  • Dave Morgan – korvokal, synthesiserar, akustisk gitar (1981–1986)
  • Martin Smith – bassgitar, korvokal (1986)
  • Marc Mann – gitarar, klaverinstrument, korvokal (2000–2001, 2012)
  • Rosie Vela – korvokal (2000-2001)
  • Matt Bissonette – bassgitar, korvokal (2001)
  • Gregg Bissonette – trommer, korvokal (2001)
  • Peggy Baldwin – cello (2001)
  • Sarah O'Brien – cello (2001)

Tidslinje[endre | endre wikiteksten]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå diskografien til Electric Light Orchestra.
Studioalbum

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. https://www.facebook.com/OfficialJeffLynne/posts/815813361769658:0
  2. Rob Michel. «Electric Light Orchestra: Eldorado». Dutch Progressive Rock Page. Arkivert frå originalen 6. mars 2017. Henta 9. februar 2015. 
  3. Casey Kasem's American Top 40 from 15 March 1986
  4. Robert Porter. «Electric Light Orchestra – The USA Singles». Jeff Lynne Song Database. Henta 9. februar 2015. 
  5. «Electric Light Orchestra - Band History». Elo.biz. Henta 9. februar 2015. 
  6. Picking up where the Beatles left off ... Jeff Lynne and ELO. Photograph: Andre Csillag/Rex Alan McGee (16 October 2008). «ELO: The band the Beatles could have been». The Guardian. Henta 9. februar 2015. 
  7. Electric Light Orchestra's No Answer. snopes.com. Henta 9. januar 2015.
  8. Bevan, Bev (1980). The Elo Story. Mushroom Publishing. s. 174. ISBN 0907394000. 
  9. Nyare intervju med Roy Wood i Mojo
  10. 10,0 10,1 10,2 10,3 «ELO: UK Chart History". Official Charts Company. Henta 9 February 2015
  11. Eaton Music – Louis Clark. Web.archive.org (5 June 2008). Henta 9. januar 2015.
  12. ELO Livin Thing American Music Awards 31 Jan 1977 Full. YouTube (25 February 2011)
  13. Casey Kasem's American Top 40 from 29 January 1977
  14. Robert Porter. «Electric Light Orchestra – Out Of The Blue Tour: An in-depth look at the 1978 tour». Jeff Lynne Song Database. Henta 9. februar 2015. 
  15. Guinness World Records: «British Hit Singlar 14th Edition", page 195. 0-85112-156-X
  16. American Bandstand from June 28th, 1986
  17. Disney's Summer Vacation Party TV Show, 1986
  18. «ELO a no-go». The Philadelphia Inquirer. 18 August 2001. s. E8. 
  19. Electric Light Orchestra «Live – The Early Years» for the first time on DVD | Altsounds.com News[daud lenkje]. Hangout.altsounds.com. Henta 9. januar 2015.
  20. «Releases : elo». Elo.biz. 5 October 2012. Henta 9. januar 2015. 
  21. https://twitter.com/ChereeneAllen
  22. http://www.theguardian.com/music/2014/sep/15/jeff-lynnes-elo-review-radio-2-hyde-park-london-elektrisk-light-orchestra
  23. http://www.birminghammail.co.uk/whats-on/music-nightlife-news/review-setlist-jeff-lynnes-elo-7770964

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Electric Light Orchestra