EM i fotball 1976

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Europameisterskapen i fotball 1976 var den femte europameisterskapen i fotball. Meisterskapen vart avvikla i Jugoslavia med fire deltakarland i tida 16. til 20. juni 1976. Omframt vertsnasjonen Jugoslavia hadde Nederland, Tsjekkoslovakia og Vest-Tyskland kvalifisert seg til sluttspelet gjennom gruppekampar og kvartfinalar i tida hausten 1974-våren 1976.

32 land deltok i kvalifiseringa, fordelt på åtte grupper. Dei åtte gruppevinnarane møttest til heime-/bortekamp i kvartfinalane i april og mai 1976. Til liks med dei føregåande meisterskapane vart vertsnasjonen avgjort etter forhandlingar mellom dei fire som hadde kvalifisert seg til semifinale-spel.

Tsjekkoslovakia vann den fyrste semifinalen med 3-1 over Nederland etter ekstraomgangar. Dagen etter slo Vest-Tyskland vertsnasjonen 4-2 i Beograd, også då etter 30 ekstra minuttar. Nederland tok så bronsemedalje etter 3-1 over Jugoslavia.

Finalen[endre | endre wikiteksten]

Lagoppstillingane i EM-finalen 1976

Finalen mellom Tsjekkoslovakia og Vest-Tyskland fann stad på Raude Stjerne-stadion i Beograd. Midtspissen Ján Švehlík sende Tsjekkoslovakia i leiinga i det 8. minutt, medan midtbanespelaren Karol Dobiaš la på til 2-0 etter 25 minuttar. Tre minuttar seinare reduserte Dieter Müller 1-2. I sluttsekunda av ordinær tid utlikna Bernd Hölzenbein til 2-2 for Vest-Tyskland. Ekstraomgangane vart mållause. Etter at Uli Hoeness sette Vest-Tysklands fjerde straffe over tverliggaren, avgjorde Antonín Panenka ved å sette Tsjekkoslovakias femte strake i buret. 30 800 tilskodarar var til stades på tribunane.

Tsjekkoslovakia sitt vinnarlag bestod av: Ivo Viktor, Anton Ondruš, Ján Pivarník, Koloman Gögh, Jozef Čapkovič, Karol Dobiaš, Jozef Móder, Antonín Panenka, Marián Masný, Ján Švehlík og Zdeněk Nehoda. Ladislav Jurkemik kom inn då Švehlík gjekk ut i det 80. minutt og František Veselý spelte ekstraomgangane i staden for Dobiaš.

Vest-Tyskland stilte med: Sepp Maier, Franz Beckenbauer, Berti Vogts, Georg Schwarzenbeck, Bernard Dietz, Herbert Wimmer, Rainer Bonhof, Erich Beer, Uli Hoeneß, Dieter Müller og Bernd Hölzenbein. Wimmer vart teken av bana i pausen, Heinz Flohe kom inn. Beer vart i det 80. minutt erstatta av Hans Bongartz.

30 800 tilskodarar såg kampen, som vart leia av den italienske dommaren Sergio Gonella.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]