EM i friidrett 1990
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Europameisterskapen i friidrett 1990 vart avvikla i Split frå 26. august til 2. september 1990.
Frankrike sitt lag på 4x100 meter stafett for menn sette ny verdsrekord med tida 37,79. Storbritannia sitt lag på 4x400 meter stafett for menn sprang inn på ny europarekord, 2.58,22.
Under denne meisterskapen deltok for siste gong to tyske nasjonslag. Ein månad før den tyske gjenforeininga representerte idrettsfolk DDR for aller siste gong i ein internasjonal meisterskap.
Noreg kom på delt 14. plass i medaljekampen med ein sølv og ein bronse.
Dei norske medaljevinnarane [endre]
- Are Nakkim: Sølv på 10000 m (28.04,0)
- Georg Andersen Bronse i kulestøyt (20,71 m)
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Leichtathletik-Europameisterschaften 1990» frå Wikipedia på tysk, den 21. juli 2012.