EM i friidrett 2010

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Olympiastadion i Barcelona i 2007

Europameisterskapen i friidrett 2010, den 20. i rekka, vart arrangert på olympiastadion i Barcelona i tida 27. juli1. august 2010. Gjennom meisterskapen vart det tevla i 24 øvingar for menn og 23 for kvinner.

Christophe Lemaitre frå Frankrike vart meisterskapens forgrunnsfigur. Han vart europameister på 100 m og 200, samt han var ankermann på Frankrike sitt vinnarlag på 4x100 m stafett. Mo Farah, som representerte Storbritannia, vann både 5000 m og 10 000 m. Også Tatjana Firova frå Russland vann to gullmedaljar; 400 m og 4x400 m stafett.

Spydkastaren Andreas Thorkildsen vart europameister og tok den einaste medaljen for Noreg. Ezinne Okparaebo vart nummer fire på 100 meter, same plasseringa fekk Christina Vukicevic på 110 meter hekk. Jaysuma Saidy Ndure vart høvesvis nummer fem og seks på 200 m og 100 m, medan Cathrine Larsåsen hamna på åttandeplass i stavsprang.

Deltakarnasjonar[endre | endre wikiteksten]

Christophe Lemaitre frå Frankrike under europameisterskapen, der han vann tre gulllmedaljar
Mo Farah, Storbritannia, vart dobbeltvinnar under EM 2010
Tatjana Firova, til venstre, fekk to EM-gull i Barcelona
Medaljefordeling
Plass Land Gull Sølv Bronse Til saman
1 Flag of Russia.svg 10 6 8 24
2 Frankrike 8 6 4 18
3 Storbritannia 6 7 6 19
4 Tyskland 4 6 6 16
5 Tyrkia 3 1 4
6 Spania 2 3 3 8
7 UKraina 2 3 1 6
8 Flag of Poland.svg 2 2 5 9
9 Kviterussland 2 1 1 4
10 Kroatia 2 2
11 Belgia 1 2 3
12 Latvia 1 1
Litauen 1 1
Noreg 1 1
Sveits 1 1
Flag of Slovakia.svg 1 1
17 Italia 4 2 6
18 Nederland 2 2
Romania 2 2
20 Portugal 1 3 4
21 Flag of Bulgaria.svg 1 1
Irland 1 1
Sverige 1 1
24 Ungarn 3 3
25 Azerbaijan 1 1
Flag of Finland.svg 1 1
Tsjekkia 1 1

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]