El Niño

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå ENSO)
Gå til: navigering, søk
Plot av havoverflatetemperauranomali (konturar) i Stillehavet (°C) under ein La Niña syklus i januar 2006.

El Niño, eller meir korrekt El Niño – sørleg oscillasjon (ENSO) er eit globalt fenomen som oppstår i havet og atmosfæren. El Niño og La Niña er store temperatursvingingar i overflatevatnet i den tropiske delen av det austlege Stillehavet. Namna kjem frå dei spanske uttrykka for «den litle guten» (El Niño) og «den litle jenta» (La Niña). «Den litle guten» refererer til Jesusbarnet, fordi fenomenet ofte startar rundt juletider utanfor vestkysten av Sør-Amerika. Effekten er stor på klimaet på den sørlege halvkula, og vart først skildra i 1923 av Sir Gilbert Thomas Walker, som har gjeve namn til Walkersirkulasjonen, ein viktig del av ENSO-fenomenet. Den atmosfæriske delen av fenomenet vert kalla den sørlege oscillasjonen (SO) og omhandlar månadlege eller sesongbaserte svingingar i lufttrykket mellom Tahiti og Darwin i Australia.

ENSO er ein kopla klimafluktuasjon mellom hav og atmosfære, som oppstår som følgje av havstraumar og atmosfærisk sirkulasjon. ENSO er den mest omfattande og kjende mellomårlege variasjonen i vêr og klima i verda, og oppstår med to til åtte års mellomrom. Ikkje alle område av verda vert påverka, men ENSO merkast i Stillehavet, Atlanterhavet og Det indiske havet.

I Stillehavet strekk oppvarminga under ein El Niño seg over heile det tropiske Stillehavet, og det er ein klar samanheng med intensiteten i den sørlege oscillasjonen. Medan ENSO-hendingar oppstår om lag samtidig i Stillehavet og Det indiske havet, oppstår dei først 12 til 18 månader seinare i Atlanterhavet. Mange av landa som vert hardast råka av ENSO er utviklingslanda i Sør-Amerika og Afrika, der økonomien er avhengig av jordbruk og fiske som hovudkjelda til mattilgang, sysselsetjing og eksport til utlandet. Viss ein klarar å varsle ENSO-hendingar i dei tre hava, kan det få stor global samfunnsøkonomisk innverknad. ENSO er ein global og naturleg del av klimaet på Jorda, og om intensiteten eller frekvensen av fenomenet vil endre seg som følgje av global oppvarming er eit svært viktig spørsmål. Ein har funne prov for at fenomenet varierer i løpet av ein mykje lengre tidsskala og ein kan ha tiår med kraftigare ENSO-hendingar, og andre tider som er rolegare.

El Niño og La Niña[endre | endre wikiteksten]

Normalt straummønster i Stillehavet. Passatvinden pressar varmt vatn mot vest. Kald vatn strøymer opp frå djupet langs kysten av Sør-Amerika.
El Niño-forhold. Varmt vatn strøymer mot kysten av Sør-Amerika. Utan kaldt vatn frå djupet får ein auka oppvarming.
La Niña-forhold. Det varme vatnet er lenger vest enn vanleg.

El Niño og La Niña er offisielt definert som ein vedvarande anomali i havoverflatetemperaturen som er større enn 0,5 °C langs dei sentrale og tropiske områda av Stillehavet. El Niño er kjenneteikna ved positive anomaliar, medan La Niña er kjenneteikna ved ein negativ anomali. Når ein har anomaliar som varer mindre enn fem månader vert tilstanden klassifisert som ein El Niño- eller La Niña-tilstand, og om anomalien varer meir enn fem månader vert det klassifisert som ein El Niño- eller La Niña-episode. Historisk sett går det to til sju år mellom kvar gong, og dei varer gjerne eit til to år om gongen.

Dei første teikna på ein El Niño er:

  1. Stigande lufttemperatur i Det indiske havet, Indonesia og Australia.
  2. Fall i lufttrykketTahiti og i resten av det sentrale og austlege Stillehavet.
  3. Passatvinden i det sørlege Stillehavet vert svekt eller skiftar retning og bles vestover.
  4. Varm luft stig nær Peru, og det byrjar å regne i ørkenane der.
  5. Varmt vatn strøymer frå det vestlege Stillehavet og Det indiske havet og austover i Stillehavet. Dette fører regnet med seg, og fører til regn i normalt tørre område og omfattande tørke i aust.

Dei varme og næringsfattige vatnet som El Niño fører med seg austover erstattar det kalde og næringsrike vatnet i Humboldstraumen på vestsida av Sør-Amerika, òg kalla Perustraumen. Dette kalde vatnet fører til gode fiskeforhold. I dei fleste tilfella vil det varme vatnet berre vare eit par veker eller ein månad før vêrmønsteret vender tilbake til det normale og fiske betrar seg igjen. Når El Niño varer fleire månader fører dette til ein meir omfattande straum av varmt vatn og kan få stor økonomisk innverknad både på det lokale fisket og den internasjonale fiskemarknaden.

Når ein ikkje har El Niño-forhold vil Walkersirkulasjonen i form av dei austlege passatvindane presse varmt vatn mot vest, som og varmar opp lufta over. Dette fører til ei oppvelling av kaldt og næringsrikt vatn utanfor kysten av Peru og Ecuador, som erstattar vatnet som strøymer mot vest. Vestsida av det ekvatoriale Stillehavet får varmt og vått vêr med lågtrykk som fører med seg mykje fukt i form av tyfonar og kraftige torevêr. Havet er om lag 60 cm høgare i det vestlege Stillehavet på grunn av denne vestlege havstraumen.

La Niña er karakterisert ved uvanleg kalde havoverflatetemperaturar aust i det ekvatoriale Stillehavet samanlikna med El Niño. Ein får som regel auka aktivitet av tropiske syklonar i Atlanterhavet under La Niña. La Niña-tilstanden følgjer som regel etter ein El Niño, særleg viss sistnemnde har vore kraftig.

Verknad av El Niño.
Verknad av La Niña.


Konsekvens av El Niño[endre | endre wikiteksten]

Det varme vatnet, og dermed den varme lufta, som El Niño fører med seg, fører til torevêr og auka nedbør i austlege delar av Stillehavet.

Effekten av El Niño er meir direkte og kraftigare i Sør-Amerika enn i Nord-Amerika. El Niño fører til varme og svært våte somrar (desember–februar) langs kysten av det nordlege Peru og Ecuador, noko som kan føre til store flaumar når ENSO er kraftig eller ekstrem. Effektane i månadene frå februar til april kan òg verte alvorlege. Sørlege område av Brasil og nordlege område av Argentina får òg våtare vêr enn vanleg, men hovudsakleg om våren og tidleg på sommaren. Sentrale område av Chile får ein mild vinter med mykje nedbør. Medan Altiplano i Peru og Bolivia av og til får uvanlege snøfall. Området rundt Amazonaselva, Colombia og Sentral-Amerika får tørrare og varmare vêr.

Direkte konsekvensar av El Niño fører til tørrare forhold i delar av Søraust-Asia og nord i Australia, noko som aukar skogbrannfaren og fører til meir tørrdis og dermed dårlegare luftkvalitet. Tørrare vêr enn vanleg er òg vanleg i resten av Australia frå juni til august.

Områda vest for Den antarktiske halvøya, Ross-, Bellingshausen- og Amundsenhavet får meir havis under El Niño. Bellingshausen-, Amundsen- og Weddellhavet vert i tillegg varmare og har høgare lufttrykk.

I Nord-Amerika vert vintrane vanlegvis varmare enn normalt i Midtvesten, i nordaustlege delar av USA og i Canada, medan søraustlege delar av USA og nordvestlege delar av Mexico er våtare enn vanleg. Nordvest-USA er derimot som regel tørrare enn vanleg. El Niño fører til færre orkanar i Atlanterhavet, særleg sør for 25ºN. Dette kjem hovudsakleg av auka vindskjer over tropane.

Aust-Afrika, inkludert Kenya, Tanzania og området rundt Den kvite Nilen får våtare forhold enn normalt frå mars til mai, medan sørlege delar av det sentrale Afrika, hovudsakleg Zambia, Zimbabwe, Mosambikk og Botswana får tørrare vêr frå desember til februar.

Varmebassenget på vestlege halvkule[endre | endre wikiteksten]

Studiar av klimadata har vist at i om lag halvparten av somrane etter ein El Niño er varmebassenget på den vestlege halvkula (Karibia og havområda rundt Sentral-Amerika) (WHWP) i uvanleg varm. Dette påverkar vêret i dette området og kan påverke den nordatlantiske oscillasjonen (NAO).

Atlanterhavet[endre | endre wikiteksten]

Eit fenomen som liknar El Niño oppstår i Atlanterhavet der vatnet langs ekvator i Guineagolfen vert varmare og austlege delar av Brasil vert kaldare og tørrare. Dette kan ha samanheng med ENSO-endringar i Sør-Amerika. Doble El Niño-hendingar har tidlegare ført til alvorlege svoltkatastrofar på grunn av lange periodar utan monsunregn.

Andre konsekvensar[endre | endre wikiteksten]

ENSO indeks: Raud=El Niño, Blå=La Niña

El Niño reduserer oppvellinga av kaldt og næringsrikt vatn utanfor vestkysten av Sør-Amerika, som gjev liv til dei store fiskebestandane i dette området. Fiskane gjev næring til store mengder sjøfuglar og avføringa deira medverkar igjen til gjødselindustrien.

Den lokale fiskeindustrien kan verte hardt råka under langvarige El Niño-hendingar. Verdas største fiskeri braut saman på grunn av overfiske av fisken anchoveta under El Niño i 1972. Under 1982-83-episoden vart makrell og anchoveta kraftig redusert, medan kamskjelbestanden auka i det varmare vatnet. Lysing følgde det kalde vatnet sørover, i lag med reker og sardinar. Så noko forsvann, medan andre artar auka. Dette har likevel ført til mange utfordringar for fiskeindustrien i området.

Variasjonen i ENSO fører til at enkelte artar kan vekse seg store raskare enn vanleg langs kysten av Peru, sidan dei større rovdyra flyttar seg til andre område.

Det finst påstandar om at kraftige El Niño-hendingar er årsaka til at sivilisasjonar som Moche og andre sivilisasjonar i Peru har forsvunne.

Årsak[endre | endre wikiteksten]

Mekanismane som utløyser El Niño-episodar vert framleis forska på, og det har vist seg vanskeleg å finne mønster som viser årsaka til hendingane eller som gjer det mogeleg å varsle dei.

Teoriar:

  • Jacob Bjerknes føreslo i 1969 at eit særleg varmt punkt i det austlege Stillehavet kan svekke temperaturskilnaden mellom aust og vest, og dermed svekke Walkersirkulasjonen og passatvindane som følgjer. Dette fører til at det varme vatnet strøymer austover.
  • Wyrtki føreslo i 1975 at ein auke i passatvinden kan presse meir varmt vatn opp i vest, som så strøymer tilbake igjen når vinden vert svakare igjen. Det var derimot ingen slike oppbyggingar før 1982-83-hendinga.
  • Fleire mekanismar har vore føreslått der varme bygger seg opp i ekvatorområdet, og som så vert spreidd til høgare breidder under ein El Niño. Det kjøligare område må så varmast opp igjen i løpet av dei neste åra før ei ny hending kan oppstå.
  • Svinging i det vestlege Stillehavet. I det vestlege Stillehavet kan fleire vêrforhold føre til anomaliar i austavinden. Til dømes kan eit lågtrykk i nord og eit høgtrykk i sør føre til auka austleg vind mellom seg. Dette kan vere ein avgjerande faktor.
  • Det ekvatoriale Stillehavet kan av og til vere nær El Niño-forhold på grunn av tilfeldige variasjonar. Vêrmønster utanfor område eller vulkansk aktivitet kan vere slike faktorar.
  • Madden-Julian oscillasjonen (MJO) er ei viktig kjelde til variasjonar som kan føre til ei rask utvikling mot El Niño forhold gjennom svingingar i vind og nedbør i låge nivå over dei vestlege og sentrale delane av det ekvatoriale Stillehavet. Kelvinbølgjer som forplantar seg austover i havet kan produsere MJO-aktivitet.
  • Adams, Mann og Ammann viste i 2003 ved å bruke statistisk analyse av paleoklimatiske data at vulkanutbrot i tropane kan utløyse treårige El Niño-hendingar etter følgt av treårige La Niña-hendingar.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

El Niño vart først nemnd som namn på fenomenet i 1892 då Kaptein Camilo Carrilo fortalte den geografiske samfunnskongressen i Lima at peruanske seglarar kalla den varme havstraumen i nord for «El Niño» fordi han kom rundt juletider. Men fenomenet var kjend før den tid på grunn av den biologiske bieffekten som følgde med.

Mot slutten av 1800-talet vart det auka interesse for å varsle endringar i klima (på grunn av matproduksjon) i India og Australia. Charles Todd oppdaga i 1893 at tørke oppstod på same tid i India og Australia, og i 1924 gav Gilbert Walker (som Walkersirkulasjonen er kalla opp etter) namn til uttrykket «sørleg oscillasjon». Gjennom det meste av 1900-talet vart El Niño sett på som eit lokalt fenomen, men etter hendinga i 1982-83 fekk fenomenet mykje større fokus i vitskaplege miljø.

År med El Niño-hendingar[endre | endre wikiteksten]

Ei bru i Peru som vart øydelagt av El Niño i 1998.

Påviste EMSO forhold har ein hatt med to til åtte års mellomrom dei siste 300 åra, men dei fleste har vore svake.

Store El Niño-hendingar har ein hatt i åra 1790-93, 1828, 1876-78, 1891, 1925-26, 1982-83 og 1997-98.

Dei siste El Niño-hendingane har vore i 1986-87, 1991-92, 1993, 1994, 1997-98, 2002-03 og 2006-07.

El Niño-hendinga i 1997-98 var spesielt kraftig og førte til at fenomenet vart kjend over heile verda, medan perioden frå 1990-1994 hadde ein uvanleg høg frekvens av El Niño-hendingar (sjølv om dei var svake).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Collins, M., and The CMIP Modelling Groups, 2005: El Niño- or La Niña-like climate change? Clim. Dyn., 24, 89-104. 19
  • http://edition.cnn.com/2006/WEATHER/09/13/weather.nino.reut/index.html CNN: El Nino forms in Pacific Ocean
  • Davis, Mike (2001). Late Victorian Holocausts: El Niño Famines and the Making of the Third World. London: Verso, 271. ISBN 1-85984-739-0.
  • César N. Caviedes, 2001. El Niño in History : Storming Through the Ages (University Press of Florida)
  • Brian Fagan , 1999. Floods, Famines, and Emperors : El Niño and the Fate of Civilizations (Basic Books)
  • Michael H. Glantz, 2001. Currents of change, ISBN 0-521-78672-X
  • Mike Davis, Late Victorian Holocausts: El Niño Famines and the Making of the Third World (2001), ISBN 1-85984-739-0

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: El Niño

God artikkel