EUCOM

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
EUCOM

Skipa1. august 1952
HovudkontorPatch Barracks
MottoStronger Together
Nettstadhttps://www.eucom.mil/ Sjå dette på Wikidata

U.S. European Command (EUCOM) er ein av dei ni store felleskommandoane i det USA-amerikanske forsvaret. Kommandoen vart oppretta 1. august 1952 og har hovudkvarter i Stuttgart i Tyskland. Ansvarsområdet utgjer om lag 51 millionar kvadratkilometer og 91 land og territorium, inkludert Europa, Tyrkia, Grønland, det tidlegare Sovjetunionen unnateke dei fem sentralasiatiske republikkane og Afrika unnateke Egypt, Sudan, Djibouti, Somalia, Eritrea og Etiopia.

Grunna det geografiske ansvarsområdet sitt var EUCOM den leiande organisasjonen for potensielle operasjonar under den kalde krigen, og også under krigen i Kosovo. Han hadde også kontroll over styrkane som flaug frå Incirlik Air Base i Tyrkia under Golfkrigen og operasjon Northern Watch.

Sjefen for EUCOM er «dobbelthatta» som SACEUR, øvstkommanderande for alle NATO-styrkar i Europa.

Organisasjon[endre | endre wikiteksten]

Dei største kampforbanda i EUCOM er den sjuande arméen, den sjette flåten og det sekstande flyvåpenet.

Den sjuande arméen inngår i U.S. Army, Europe og har hovudkvarter i Tyskland. Han er samansett av eitt korps med to divisjonar. Under den kalde krigen hadde han likevel to korps og fire divisjonar.

Den sjette flåten patruljerer i Middelhavet og dekkjer såleis den sørlege flanken i NATO. Ei av dei viktigaste oppgåvene er å verne skip frå terroråtak medan dei seglar gjennom Gibraltarsundet og Suezkanalen.

Det sekstande flyvåpenet har hovudkvarter i Italia og inngår i U.S. Air Forces Europe (USAFE) saman med det tredje flyvåpenet.

Delkommandoar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]