Ealing

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ealing

Ealing rådhus, teikna av Charles Jones
Ealing rådhus, teikna av Charles Jones
Plassering
Ealing is located in
Styresmakter
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Konstituerande land Flag of England.svg England
Grevskap Stor-London
Distrikt Ealing
Geografi
Koordinatar 51°31′″N 0°18′″WKoordinatar: 51°31′″N 0°18′″W
Diverse annan informasjon
Postnummer W5,W13
Telefon-retningsnummer 0 20
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Ealing

Ealing er ein stad i London. Det har gjeve namn til bydelen det ligg i, Ealing, og er eit forstadsområde omkring 12 km vest for Charing Cross.

Namnet kjem frå angelsaksisk Gillingas, som tyder «Gillas folk» og moglegvis viser til ein buset frå tidleg mellomalder. Namnet har gått gjennom fleire forvanskingar, blant anna Yealing, Zelling og Eling, før det nådde fram til forma Ealing på 1800-talet.

Utdanningsinstitusjonane Thames Valley University og West London College ligg i Ealing.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Arkeologiske funn viser at det har vore busetjing i området i minst 7000 år. På Horsenden Hill har ein blant anna funne keramikk frå jernalderen. Den angelsaksiske busetjinga er ikkje klårt dokumentert bortsett frå gjennom stadnamnet, men frå det 1100-talet finst det kjeldene som nemner ei busetjing i Ealing, midt i det som då var eit stort skogområde.

I 1599 vart det gjort ein folketeljing i Ealing, den eldste folketeljinga i England som er verna. Han viser at det då var 85 hushaldningar der. Namna til alle innbyggjarane, alder, famileforhold og yrke er verna i dokumenta, som vert oppbevart i Public Record Office[1]

Ealing var delt i fleire mindre busetjingar, der fleire låg langs dagens St. Mary's Road, sentrert omkring soknekyrkja. Det var underlagt fleire herregarder, blant anna Gunnersby og Pitshanger. Kyrkja, vigd Jomfru Maria, er datert til byrjinga av det 1100-talet, moglegvis òg noko tidlegare.

Dei eldste karta over Ealing er frå 1700-talet, og viser at soknet då for det meste bestod av ope landskap og jordar. Hovudnæringsvegen var jordbruk, men det var òg fire vertshus der, The Feathers, The Bell, The Green Man og The Old Hats, som tok seg av reisande langs den viktige vegen mellom London og Oxford. Den gamle vegen heiter no Uxbridge Road på strekninga gjennom Ealing.

Då London hadde vakse seg utover til Ealing vart området dominert av grnnsakdyrking. Ealing Broadway stasjon vart opna i 1838, og i åra som kom gav Great Western Railway og to greiner av Grand Union-kanalen langt betre kommunikasjonshøve, og folkesetnaden byrja å auke. Landsbyane byrja å nå bystorleik, og jorda forsvann sidan bustadsområda vart fortetta. Ealing vart etterkvart kjent som «Queen of the Suburbs», og var eit attraktivt stad å bu for middelklassa. Fleire område vart omgjort til offentlege parkar, slik at Ealing halde ein del av det grøne preget sitt. Det vart lagt nye vegar, lagt kloakkrøyr og det vart opna skular og offentlege institusjonar. Mykje av dette arbeidet stod Charles Jones, som var Borough Surveyor (plansjef) for Ealing frå 1863 til 1913 for. Han teikna blant anna rådhuset.

Frå 1901 og ein del år framover gjekk det trikkane i Uxbridge Road. Det er PR. 2006 planar om å gjeninnføre trikken som ein del av initiativet West London Tram, noko mange av innbyggjarane protesterer mot.

Sentrum i Ealing vart drastisk forandra i 1985, då eit nytt kjøpesenter vart opna der.

Ved midnatt 2. august 2001 vart det utløyst ei bilbombe med 40 kg høgeksplosivar utanfor Ealing Broadway stasjon. Fleire butikkar i nærleikane vart øydelagt, men på grunn av tidspunktet vart personskadane avgrensa; sju menneske vart lettare skadt. Bomba var plassert der av nordirske terroristar, truleg tilknytta Real IRA.

Ealing Studios[endre | endre wikiteksten]

Ealing Studios er fleire store filmstudio der ei rekkje kjende filmar frå 1950-talet vart produsert. Studiane vart teke over av BBC i 1955, og dei produserte blant anna Dr. Who og Monty Python's Flying Circus der. På grunn av dette er òg mange av utandørsscenane i desse og andre seriar teke opp i gatene i Ealing.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Folketeljinga frå 1599 har referansenummer PRO E 163/24/35, og er transkribert og trykt av K.J. Allison.