Earthling

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Earthling
Studioalbum av David Bowie
Språk engelsk
Utgjeve 3. februar 1997
Innspelt Mars til august 1996
Studio
Sjanger
Lengd 48:57
Selskap
Produsent
David Bowie-kronologi 
BBC Sessions 1969–1972 (Sampler)
(1996)
Earthling The Deram Anthology 1966–1968
(1997)
Studioalbum av David Bowie-kronologi
Outside
(1995)
Earthling Hours
(1999)
Singlar frå Earthling
  1. «Telling Lies»
    Utgjeve: 4. november 1996
  2. «Little Wonder»
    Utgjeve: 27. januar 1997
  3. «Dead Man Walking»
    Utgjeve: 14. april 1997
  4. «Seven Years in Tibet»
    Utgjeve: 18. august 1997[6]
  5. «I'm Afraid of Americans»
    Utgjeve: 14. oktober 1997

Earthling er det 20. studioalbumet til den engelske musikaren David Bowie. Det kom ut i februar 1997 på Arista og Virgin. Albumet vart produsert av Bowie, Reeves Gabrels og Mark Plati, og var spelt inn i 1996 i Mountain Studios i Montreux i Sveits og Looking Glass Studios i New York City etter at Outside-turneen var over. Albumet har ein electronica-påverka stil dels inspirert av industriell musikk og drum and bass-kulturen i 1990-åra.[7] Albumet selde betre enn den meir eksperimentelle føregangaren Outside. Bowie la ut på Earthling-turneen etter albumet kom ut i 1997. Albumet vart gjeve ut på ny med bonusspor i 2004.

Bakgrunn og utvikling[endre | endre wikiteksten]

Bowie vende attende til studio fem dagar etter han var ferdig med turneen for det førre albumet sitt, 1. Outside (1995). Omkring ei veke etter albumet kom ut, sa Bowie til ein intervjuar «Eg tenkte verkeleg det ville vere flott viss me kunne ta eit bilete, nesten eit lydmessig fotografi av korleis me var på den tida. Så, Reeves [Gabrels] og eg byrja å skriva umiddelbart etter at me var ferdige med turneen.»[8] Trass i at dei gjekk i studio utan nokre songar klare,[9] tok albumet berre to og ei halv veke å spele inn,[8] som var typisk for eit Bowie-album.[10] Bowie samanlikna det med albumet Scary Monsters (and Super Creeps) frå 1980: «Eg tenkjer det er eit ganske sterkt band mellom Scary Monsters og dette albumet, til ein viss grad. Det har i alle fall den same aggressive intensiteten.»[11] Bowie skildra albumet som eit forsøk på å «skape noko verkeleg dynamisk og aggressivt.»[8]

«I motsetnad til dei fleste drum and bass-greiene», sa han, «ønskte me ikkje berre å ta delar som andre folk hadde spelt inn og sample dei. På skarptromma gjekk Zac [Alford] bort og laga sine eigne sløyer og fann ut av alle slags rare timingar og rytmar. Så auka me snøggleiken på dei opp til 160 slag i minuttet. Det gjorde med mange plassar på albumet. Me sampla berre oss sjølv og skapte vårt eige lydlandskap på den måten.»[8]

Earthling vart spelt inn fullstendig digitalt, «heilt på harddisk[7] Under intervju under marknadsføringa av albumet sa Bowie «Eg gjorde nesten alt på gitar. Mykje skrike-skråle-ting vart gjort på saksofon, så overført til sampler, og så forvrengd og handsama på synthesiseren.»[11]

Bowie og Gabrels brukte ein teknikk dei byrja på medan dei arbeidde på 1. Outside: å overføre bitar av gitar til ein sampler og så konstruere riff frå dei desse bitane. «Det er verkeleg gitar,» sa Bowie, «men konstruert på ein syntetisk måte. Men Brian Eno gjekk i vegen – på den finaste måten – så me byrja ikkje å gjere det slik før dette albumet. Me ønskte å ta det vidare fordi det var ein spanande idé.»[7] Bowie rekna dette albumet, og føregangaren, å vere ei «teksturdagbok» om korleis dei siste få åra av milleniet kjendest ut.[12]

Inspirasjonskjeldene til Bowie og Gabels hadde stor innverknad på albumet: Bowie var inspirert av ein «euro»-stil og band som The Prodigy, medan Gabrels var meir inne i amerikansk industriell musikk og band som Underworld.[7] Reeves Gabrels sa: «Det var snakk om at albumet hoppa på drum 'n' bass-vogna, men det er meir påverka av det som vart kalla electronica. David elska Photek og Tricky. Desse påverknadene var i lufta den gongen. Eg har aldri fortalt David dette, men i hovudet mitt tenkte eg meir på 'Won't Get Fooled Again' - det muskuløse rockebandet med sekvensiell informasjon ... Det er favorittplata mi som eg gjorde med David. Vi hadde ei kjensle medan vi gjorde det at vi laga noko vi ikkje hadde høyrt.»[13]

«(For Young Americans) ønskte eg å arbeide innafor Philadelphia soul, og den einaste måten eg , og den einaste måten eg visste var å bringe det som er grundig europeisk ved meg til dette ibuande svarte amerikanske formatet», sa Bowie. «Og dette [albumet] var ikkje ein ulik situasjon. Det var hybridiseringa av den europeiske og amerikanske følsemda, og for meg er det spennande. Det er det eg gjer best. Eg er ein syntetikar.»[14]

«Eg antar at fellesskapet med alle songane er dette varige behovet i meg for å vakla mellom ateisme eller ein slags gnostisisme», sa han. «Eg fortset å gå bakover og framover mellom dei to tinga, fordi dei betyr mykje i livet mitt. Eg meiner, kyrkja går ikkje inn i forfattarskapet mitt eller tanken min; eg har ingen empati med nokre organiserte religionar. Det eg treng er å finna ein balanse, andeleg sett, med måten eg lever på og bortgangen min. Og den tidsperioden - frå i dag til døden min - er det einaste som fascinerer meg.»[15]

Plateomslaget syner ein Union Jack-basert frakk av Alexander McQueen, som hadde designa scenekostyma for Bowie og bandet hans.[16] Før albumet kom ut, vurderte Bowie å kalle albumet Earthlings (fleirtal).[17]

Songutvikling[endre | endre wikiteksten]

Bowie og bandet fortsette den eksperimentelle måten å lage musikk på, som først vart nytta under Berlintrilogien: for sporet «Looking for Satellites» sa Bowie til gitaristen Gabrels at han «ønskte at han berre spelte på ein streng om gongen. ... Han vart bunden av akkorden til det endra seg, og det gjorde oppkøyringa hans mest uortodoks. » Gitarriffet som vart brukt til sporet «Dead Man Walking» var basert på eit riff Jimmy Page (frå Led Zeppelin) hadde spelt for Bowie tilbake på 60-talet. Ifølgje Gabrels var ein del av bassporet på «Little Wonder» eit opptak av bassisten Gail Ann Dorsey då ho prøvde å få ein lyd frå pedalbordet hennar utan å vita at ho vart spelt inn. For «Battle for Britain» utfordra Bowie Mike Garson til å spele basert på «ideen frå eit stykke Stravinsky skreiv kalla 'Ragtime for Eleven Instruments'. Eg sa 'Viss du kunne komme inn i karakteren til det ...' og han gjorde det umiddelbart.»[11]

«Little Wonder» var ein av få spor Bowie og Gabrels skreiv for albumet,[11] og Bowie kalla skrivinga av songen ei «latterleg» øving i rein medvitsstraum. «Eg plukka berre Snehvit og de syv dvergene og laga ei linje for kvar av namna på dvergane. Og det er songen [ler]. Og så gjekk eg tom for dverge-namn, så det er nye dvergar der som 'Stinky'.»[9]

Opphavleg hadde Bowie tenkt at han berre skulle ha eit par nye songar på albumet, og hadde planar om å fylle albumet med nyinnspelingar av somme av dei tidlegare songane sine, som «Dead Against It» frå albumet The Buddha of Suburbia frå 1993, «I Can't Read» og «Baby Universal» frå tida med Tin Machine, og «Bring Me the Disco King», som han hadde prøvd seg på ein gong før i 1993 på for Black Tie White Noise.[18] Men på grunn av den uventa produktive låtskrivinga hans under innspelinga, vart ingen av desse songane med på albumet, sjølv om Bowie spelte inn nye versjonar av «Bring Me the Disco King», «I Can't Read» og «Baby Universal».[18] Om sistnemnde sa Bowie «Eg syntest det var ein verkeleg bra song og eg trur ikkje han vart høyrt. Eg ønskte ikkje at det skulle skje, så eg sette han på albumet. Eg likar verkeleg dette. Eg syns denne versjonen er særs bra.»[19] Faktisk spelte Bowie inn to nye versjonar av «I Can't Read». Den første kom ut på filmmusikken for filmen The Ice Storm, og for den andre, versjonen som Bowie føretrekte, kom ut i lag med «Baby Universal» på EP-en Is It Any Wonder? i 2020.[20] Bowie spelte òg inn «I'm Afraid of Americans» på ny, etter å ha spelt inn ein versjon for filmmusikken for filmen Showgirls frå 1995 under Outside-innspelinga: Bowie sa «Det var noko eg og Eno sette saman, og eg syntest berre ikkje han passa inn på Outside, så han vart ikkje med der. Han vart berre verande att. Så tok me berre grunnlaget av han og omstruktuerte songen med bandet.»[11] I tillegg inkluderte Bowie «Telling Lies», som Bowie hadde skrive og gjeve ut på Internett året før.[18]

Den originale sporlista for albumet vart avslørt i 2020; «The Last Thing You Should Do» og «Nuts» vart spelte inn i november 1996 og tanken var at begge skulle vere B-sider, men Bowie byta ut «I Can't Read» med «The Last Thing You Should Do» og tok «Baby Universal» heilt bort frå albumet.[20] «Nuts» kom til slutt ut på Is It Any Wonder? (2020).

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic2.5/5 stars[5]
Chicago Tribune2.5/4 stars[21]
The Encyclopedia of Popular Music2/5 stars[22]
Entertainment WeeklyA[3]
NME6/10[23]
Pitchfork8.0/10[24]
Robert Christgau(fiasko)[25]
Rolling Stone3.5/5 stars[26]
The Rolling Stone Album Guide2.5/5 stars[27]
Spin6/10[28]

Sjølv om albumet ikkje selde særskild godt då det kom ut, fekk det mykje positiv omtale[8] og ein kritikar kalla det «rikt strukturert» «attende til stordom»[29] og ein annan sa at albumet representerte «noko av den beste musikken til Bowie på eit tiår».[21] Rolling Stone likte albumet og merka seg at eksponeringa for Nine Inch Nails på den førre turneen til Bowie tilsynelatande hadde inspirert han på dette albumet, og kalla det «hans beste sidan Scary Monsters i 1980.»[30] I ei mindre positive melding kritiserte Stephen Thomas Erlewine i AllMusic stilen på albumet som «pinleg», og skreiv at «plata høyrest ofte ut som om taktane rett og slett vart plassert på toppen av eksisterande songar.» Han kalla songane vidare formelbaserte og sjølve albumet til sjuande og sist lite imponerande.[5] John Davidson i PopMatters skreiv at Earthling var resultatet av at Bowie prøvde å «dilte etter» drum and bass-eksplosjonen seint i 1990-åra. Han kallar tekstane Bowie sine «mest sløve» og trudde til liks med Erlewine at trommeslaga vart bygd rundt songane i staden for for dei. Davidson sa til slutt: « Earthling er i hovudsak eit konvensjonelt Bowie-rockealbum (om noko slikt finst), kledd i posete danseklede.»[31]

Earthling vart nominert til Grammyprisen i 1998 for beste alternative musikkalbum og songen «Dead Man Walking» vart nominert for beste mannelege rockesong. Albumet gjorde det betre enn den eksperimentelle føregangaren Outside, og nådde sjetteplassen på den britiske albumlista og 39. plassen på i USA.[32] Albumet gav ein mindre hit med ein Trent Reznor-remiks av «I'm Afraid of Americans».

Ein mandarin-språkleg versjon av songen «Seven Years in Tibet» toppa lista i Hong Kong og markerte første gongen ein ikkje-asiatisk artist hadde nådd toppen av singellista i dette området.[33]

Remiksar og musikkvideoar[endre | endre wikiteksten]

Entusiasmen Bowie hadde for remiksar nådde toppen då dette albumet kom ut og fleire singlar frå albumet vart sende til klubbar. Tre versjonar av «Telling Lies» vart gjevne ut på den offisielle nettstaden til Bowie fleire månader før albumet kom ut, og vart den første digitale singelen nokon gong av ein større artist.[34] «Little Wonder» vart den største hitten frå albumet og nådde 14. plassen i Storbritannia.

Tre andre singlar — «Dead Man Walking», «Seven Years in Tibet» og «I'm Afraid of Americans» (i lag med Trent Reznor) — gjorde det ikkje like bra, sjølv om sistnemnde låg på den amerikanske singellista i 16 veker og nådde 66. plassen.[32]

Musikkvideoane for Earthling vart forseggjorte. Kunstaren og regissøren Floria Sigismondi regisserte musikkvideoane for «Little Wonder» og «Dead Man Walking», medan Dom and Nic regisserte «I'm Afraid of Americans»,. Sistnemnde vart nominert til ein MTV Video Music Award. Det vart òg laga ein musikkvideo for «Seven Years in Tibet», som hovudsakleg bestod av konsertopptak.

Konsertar[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Earthling-turneen og Brilliant Live Adventures.
Bowie på Ruisrock i Turku i Finland den 29. juni 1997.

Bowie tok songar frå albumet med seg på vegen i september 1996 og heldt fire «club»-konsertar på den amerikanske austkysten, inkludert ein i Roseland Ballroom i New York City, som fekk positiv omtale. før han gjekk på scenen for desse konsertane, spelte Bowie den nye songen sin («Telling Lies») over høgtalarane, men sidan singelen berre var tilgjengeleg for nedlasting over Internett, kjende ikkje flesteparten av fansen til songen. Setlista for desse konsertane var liknande setlista han brukte på den komande Earthling-turneen.[35][36]

9. januar 1997, dagen etter han vart 50, feira Bowie seg sjølv med ein konsert, der han framførte songar frå albumet, i tillegg til eit utval av songar frå katalogen sin. Han spelte for nesten 15 000 fans i Madison Square Garden i New York.[37] Bowie fekk med seg ei rekkje artistar på scenen, inkludert Billy Corgan, Foo Fighters, Sonic Youth, Black Francis, Robert Smith og Lou Reed, som spelte på songane hans.[37] Andre ikkje-utøvande gjester var Beck, Moby, Julian Schnabel, Prince, Charlie Sexton, Fred Schneider, Christopher Walken, Matt Dillon og kona til Bowie, Iman. Kunstnaren Tony Oursler designa somme av kunsten for videoane som gjekk på skjermar bak bandet på scenen. Hendinga vart filma for ein betal-per-visning-sending,[38][39] og ein del av inntektene vart donerte til den veldedige organisasjonen Save the Children.[37] Tim Pope, som tidlegare arbeidde med Bowie då han regisserte videoen for «Time Will Crawl» i 1987, regisserte konsertfilmen,[40] og Duncan Jones, sonen til Bowie, var ein av kameraoperatørane under konserten.[41]

I februar 1997 framførte Bowie songar frå Earthling live på Saturday Night Live og The Tonight Show.[42] Bowie vart mellombels bannlyst frå SNL etter denne framsyninga, dels fordi han byta songane han skulle spele. Han hadde først planlagd å spele «Little Wonder» og «Telling Lies», men byta den siste med «Scary Monsters» i siste augneblink, utan å sei i frå til besetninga for showet.[43] Bowie fekk likevel kome attende på showet i 1999.[44]

Phoenixfestivalen i juli 1997 spelte Bowie og bandet hans i Radio 1 Dance-teltet som «Tao Jones Index». Dei framførte i mørkret med tørris og strobelys. Tao Jones Index var eit ordspel basert på det verkelege namnet til Bowie, David Jones, og i 1997 vart det gjeve ut Bowie-obligasjonar (Tao vert uttalt «Dow», som i Dow Jones Index på den amerikanske aksjemarknaden).[45]

Bowie drog attende på turné for å marknadsføre albumet med Earthling-turneen fann stad mellom mai 1997 og slutten av året.[8]

Somme songar frå desse konsertane kom ut på promoalbumet Earthling in the City (1997).

Bowie hadde sagt i midten av 1996 at han ønskte å gå i studio for å arbeide på ein oppfølgjar til Outside etter først å ha laga eit album med turnébandet sitt,[46] men det kom ikkje noko oppfølgjar til Outside. Det neste albumet til Bowie var Hours i 1999.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

All tekst er skriven av David Bowie; all musikk er komponert av Bowie, Reeves Gabrels og Mark Plati, utanom der andre er nemnd.

Nr.TittelMusikkLengd
1.«Little Wonder» 6:02
2.«Looking for Satellites» 5:21
3.«Battle for Britain (The Letter)» 4:48
4.«Seven Years in Tibet»Bowie, Gabrels6:22
5.«Dead Man Walking»Bowie, Gabrels6:50
6.«Telling Lies»Bowie4:49
7.«The Last Thing You Should Do» 4:57
8.«I'm Afraid of Americans»Bowie, Brian Eno5:00
9.«Law (Earthlings on Fire)»Bowie, Gabrels4:48
Total lengd:48:57
Bonusspor på 2004-utgåva
Nr.TittelRemiksarLengd
10.«Little Wonder» (dance mix)Danny Saber5:34
11.«I'm Afraid of Americans» (V1 mix)Nine Inch Nails5:31
12.«Dead Man Walking» (mix 2 US promo 12")Moby5:27
13.«Telling Lies» (mix)Adam F5:09
Total lengd:21:41
Utvida bonusplate med Digibook-utgåve frå 2004
Nr.TittelTekstMusikkRemiksarLengd
1.«Little Wonder» (sensurert videoutgåve)   4:09
2.«Little Wonder» (club mix)  Junior Vasquez8:18
3.«Little Wonder» (dance mix)  Danny Saber5:34
4.«Seven Years in Tibet» (mandarin-versjon))Bowie, omsett av Lin Xi  4:00
5.«Dead Man Walking» (mix 1)  Moby7:34
6.«Dead Man Walking» (mix 2 US promo 12")  Moby5:27
7.«Telling Lies» (Feelgood mix)  Mark Plati5:09
8.«Telling Lies» (Paradox mix)  A Guy Called Gerald5:10
9.«I'm Afraid of Americans» (Showgirls-versjonen)   5:13
10.«I'm Afraid of Americans» (V1 mix)  Nine Inch Nails5:31
11.«I'm Afraid of Americans» (V1 clean edit)  Nine Inch Nails4:14
12.«V-2 Schneider» (Tao Jones Index) (konsertopptak frå Paradiso, Amsterdam, 10. juni 1997) Bowie 7:16
13.«Pallas Athena» (Tao Jones Index) (konsertopptak frå Paradiso i Amsterdam, 10. juni 1997) Bowie 8:20
Total lengd:76:45

Merknad

  • «I'm Afraid of Americans» kom først ut i 1995 på filmmusikken til filmen Showgirls, i ei utgåve som høyrdest uferdig ut samanlikna med versjonen på Earthling.
  • Spor 13 på 2004-utgåva var, i motsetnad til dei andre bonusspor, ikkje med på Digibook-utgåva frå 2004.
  • Spor 11 på bonusplata for Digibook-utgåva vart feilaktig oppført som V1-utgåva. Det er tilsynelatande ein forkorta versjon av albumversjonen, som tidlegare berre kom ut på promo-CD-en «The Radio Edits» i 1997, i lag med forkorta utgåver av «Seven Years in Tibet» (som seinare kom ut på singel) og ei unik forkorta utgåve av «Looking for Satellites», som ikkje har kome ut andre stader. Palte 2 av denne utgåva inneheld 36 sekund med stille mellom «Dead Man Walking» og «Telling Lies».[47][48]

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Frå plateomslaget til Earthling.[49]

Produksjon

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister i 1997
Liste (1997) Plassering
Australske album (ARIA)[50] 45
Austerrikske album (Ö3 Austria)[51] 15
Belgiske album (Flandern)[52] 13
Belgiske album (Vallonia)[53] 5
Kanadiske album (RPM)[54] 21
Den danske albumlista (Hitlisten)[55] 18
Nederlandske album (MegaCharts)[56] 19
Finnish Albums[57] 12
Den franske albumlista (SNEP)[58] 9
Tyske album (Media Control)[59] 11
Den japanske albumlista (Oricon)[60] 20
Newzealandske album (RIANZ)[61] 15
Norske album (VG-lista)[62] 13
Spanske album (Promusicae)[63] 40
Svenske album (Sverigetopplistan)[64] 5
Sveitisiske album[65] 20
Britiske album (OCC)[66] 6
US Billboard 200[67] 39

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Årsliste for 1997
Liste (1997) Plassering
Belgiske album (Ultratop)[68] 100

Salstrofé og salstal[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
France 73,600[69]
Japan (RIAJ)[70] Gull 100 000^
Latvia (LaMPA)[71] Gull 4,000*
Storbritannia (BPI)[72] Sølv 60 000^

^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «THE LOOKING GLASS STUDIOS». Arkivert frå originalen 22. desember 2016. Henta 26. desember 2016. 
  2. Brown, Mick (14. desember 1996), «A Star Comes Back to Earth After a Lifetime of Identity Crisis», The Daily Telegraph, arkivert frå originalen 28. mai 2018, henta 2. august 2013 
  3. 3,0 3,1 Farber, Jim. «Review: Greetings, «Earthling»». Entertainment Weekly (Time, Inc) (14. februar 1997): 59. 
  4. Lariviere, Aaron (22. mars 2013). «David Bowie Albums From Worst To Best: Earthling». Stereogum. Arkivert frå originalen 215. september 2021. Henta 25. juni 2015. 
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 Erlewine, Stephen Thomas. «Earthling – David Bowie». AllMusic. Henta 18. september 2021. 
  6. «Seven Years In Tibet». www.teenagewildlife.com. Arkivert frå originalen 16. januar 2017. Henta 26. august 2017. 
  7. 7,0 7,1 7,2 7,3 Gore, Joe (June 1997), «Changes 2.1», Guitar Player: 45–58 
  8. 8,0 8,1 8,2 8,3 8,4 8,5 Laban, Linda (13. februar 1997), «Bowie Hits a Fab 50», The Seattle Times: E3 
  9. 9,0 9,1 Kuipers, Dean (March 1997), «David Bowie: Is There Life on Earth?», Raygun Magazine (44) 
  10. Isler, Scott (August 1987), «David Bowie Opens Up – A Little», Musikar (106): 60–73 
  11. 11,0 11,1 11,2 11,3 11,4 «David Bowie: The FI Interview» by J.D. Considine, Fi magazine, 1997. oktober pp 36–41
  12. Paul, George A. (1995), «Bowie Outside Looking In», Axcess Magazine 3 (5): 60–62 
  13. DeMain, Bill (April 2018). «Reeves Gabrels talks about David Bowie». Classic Rock (247): 58. 
  14. Pond, Steve (March 1997), «Beyond Bowie», Live! Magazine 2 (2) 
  15. Cavanagh, David (February 1997), «ChangesFiftyBowie», Q magazine: 52–59 
  16. Wilkinson, Peter (22. mars 2013), «Bowie exhibition charts life of pop's ultimate Starman», CNN, arkivert frå originalen 31. mars 2013, henta 10. april 2013 
  17. VideoYouTube
  18. 18,0 18,1 18,2 O'Leary, Chris (2019). Ashes to Ashes The Songs of David Bowie 1976–2016. Repeater Books. ISBN 9781912248308. 
  19. Haefeli, Mark (1996), Music Video Shoot, henta 24. mai 2017 [daud lenkje]
  20. 20,0 20,1 «David Bowie Is it Any Wonder? Streaming EP of unreleased & rare material». 14. februar 2020. Henta 11. september 2021. 
  21. 21,0 21,1 Kot, Greg (14. februar 1997), «David Bowie Earthling (Virgin)», Chicago Tribune, arkivert frå originalen 12. september 2021, henta 18. september 2021 
  22. Larkin, Colin (2011). The Encyclopedia of Popular Music (5th concise utg.). Omnibus Press. 
  23. Mulvey, John. «David Bowie – Earthling (RCA)». NME. Arkivert frå originalen 17. august 2000. Henta 18. september 2021. 
  24. «David Bowie: Earthling: Pitchfork Review». Pitchfork. 15. oktober 2000. Arkivert frå originalen 15. oktober 2000. 
  25. Christgau, Robert. «Review: Earthling (Virgin, 1997)». Arkivert frå originalen 16. mai 2016. Henta 18. september 2021. 
  26. Kemp, Mark. «Review: Earthling – David Bowie». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 26. oktober 2010. Henta 5. mars 2010. 
  27. The New Rolling Stone Album Guide. Simon & Schuster. 2004. s. 97–98. 
  28. Salamon, Jeff (March 1997). «Davis Bowie: Earthling (virgin)». Spin: 102. 
  29. Laban, Linda (13. februar 1997), «Earthling: Substance wins over fashion», The Seattle Times (Seattle, WA), s. E3 
  30. Kemp, Mark (20. februar 1997), «Earthling Review», Rolling Stone magazine (754): 65–66 
  31. Davidson, John (23. mars 2004). «David Bowie: Earthling [remastered]». PopMatters. Arkivert frå originalen 18. september 2021. Henta 18. september 2021. 
  32. 32,0 32,1 Buckley, David (2000) [1999]. Strange Fascination – David Bowie: The Definitive Story. London: Virgin. s. 517–527, s.624–625. ISBN 978-0-7535-0457-4. 
  33. «Billboard Hits Of The World». Billboard 109 (30): 45. 26. juli 1997. ISSN 0006-2510. Arkivert frå originalen 30. januar 2018. Henta 29. januar 2018. 
  34. Pegg, Nicholas (2004) [2000]. The Complete David Bowie. London: Reynolds & Hearn. ISBN 978-1-903111-73-4. 
  35. Wiederhorn, Jon (31. oktober 1996), «David Bowie Performance Review», Rolling Stone Magazine (746): 33–34 
  36. Strauss, Neil (16. september 1996), «David Bowie, Without All the Gadgetry», The New York Times, arkivert frå originalen 10. april 2014, henta 12. september 2021 
  37. 37,0 37,1 37,2 Schneider, Tresa (28. februar 1997), «David Bowie: Spectacular and Acclaimed 50th Birthday Concert to Air as a Television Pay Per View Event», MSOPR.COM, arkivert frå originalen 7. april 2014, henta 18. november 2013 
  38. Kemp, Mark (6. mars 1997), «All The Young Dudes», Rolling Stone magazine (755): 24 
  39. Earthling David Bowie Celebrates 50th Birthday With Triumphant Sold-out Concert At Madison Square Garden Before 14,500 Fans, 23. januar 1997, arkivert frå originalen 19. mai 2016, henta 18. september 2021 
  40. Pegg, Nicholas (October 2016). The Complete David Bowie New Edition: Expanded and Updated. Titan Books. 
  41. O'brien, Kerrie (12. september 2021). «Did you know ... 20 facts about David Bowie». Arkivert frå originalen 27. februar 2018. Henta 18. september 2021. 
  42. David Bowie Launches New Album 'earthling' With Network Television Appearances, A Pay-per-view Concert, A National Radio Broadcast, And Star On Hollywood Blvd's Walk Of Fame, 30. januar 1997, arkivert frå originalen 9. januar 2014, henta 18. september 2021 
  43. «From David Bowie to Cypress Hill: The complete list of musicians that are banned from performing on Saturday Night Live». October 2020. Henta 18. september 2021. 
  44. «SNL Show». 2. oktober 1999. Henta 18. september 2021. 
  45. «Pallas Athena 1997 version». Arkivert frå originalen 27. februar 2010. Henta 18. september 2021. 
  46. «David Bowie – Interview with Alan Bangs/Loreley Festival 1996». June 1996. Henta 14. september 2021.  Alan Bangs
  47. Altenburg, Ruud. «Illustrated DB Discography (Earthling album)». Arkivert frå originalen 12. juni 2011. Henta 11. mai 2011. 
  48. Altenburg, Ruud. «Illustrated DB Discography (The Radio Edits promo CD)». Arkivert frå originalen 21. august 2011. Henta 11. mai 2011. 
  49. Earthling (CD booklet). David Bowie. Virgin Records. 1997. 
  50. «australian-charts.com David Bowie – Earthling». Australian Recording Industry Association. Arkivert frå originalen (ASP) 11. oktober 2015. Henta 12. september 2021. 
  51. «David Bowie – Earthling – austriancharts.at». Arkivert frå originalen (ASP) 10. august 2015. Henta 12. september 2021. 
  52. «ultratop.be — David Bowie – Earthling». ultratop.be/nl, Hung Medien (på nederlandsk). Ultratop. Arkivert frå originalen (ASP) 12. september 2021. Henta 12. september 2021. 
  53. «ultratop.be — David Bowie – Earthling» (ASP). ultratop.be/fr,, Hung Medien (på fransk). Ultratop. Henta 12. september 2021. 
  54. «Top Albums/CDs – Volume 64, No. 25, 24. februar 1997». RPM. 4. februar 1997. Arkivert frå originalen (PHP) 9. januar 2014. Henta 12. september 2021. 
  55. «Listen – Danmarks Officielle Hitliste – Udarbejdet af AIM Nielsen for IFPI Danmark – Uge 7». Ekstra Bladet (på dansk) (København). 16. februar 1997. 
  56. «dutchcharts.nl David Bowie – Earthling». dutchcharts.nl. MegaCharts. Arkivert frå originalen (ASP) 28. januar 2016. Henta 12. september 2021. 
  57. «finnishcharts.com RDavid Bowie – Earthling». Arkivert frå originalen (ASP) 22. juli 2015. Henta 12. september 2021. 
  58. «lescharts.com David Bowie – Earthling» (ASP). lescharts.com (på fransk). SNEP. Henta 12. september 2021. 
  59. «Album Search: David Bowie – Earthling» (på tysk). Media Control. Arkivert frå originalen (ASP) 5. april 2015. Henta 12. september 2021. 
  60. «Highest position and charting weeks of Earthling by David Bowie». oricon.co.jp (på japansk). Oricon Style. Arkivert frå デヴィッド・ボウイ-リリース-ORICON STYLE-ミュージック originalen Check |url= value (hjelp) 12. september 2021. Henta 12. september 2021. 
  61. «charts.nz David Bowie – Earthling». Recording Industry Association of New Zealand. Arkivert frå originalen (ASP) 21. mai 2017. Henta 12. september 2021. 
  62. «norwegiancharts.com David Bowie – Earthling». Arkivert frå originalen (ASP) 24. august 2015. Henta 12. september 2021. 
  63. Salaverri, Fernando (September 2005). Sólo éxitos: año a año, 1959–2002 (1st utg.). Spain: Fundación Autor-SGAE. ISBN 978-84-8048-639-2. 
  64. «swedishcharts.com David Bowie – Earthling». Sverigetopplistan. Arkivert frå originalen (ASP) 24. februar 2015. Henta 12. september 2021. 
  65. «David Bowie – Earthling – hitparade.ch». Arkivert frå originalen (ASP) 7. januar 2014. Henta 12. september 2021. 
  66. "David Bowie | Artist | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company.
  67. "David Bowie Album & Song Chart History" Billboard 200 for David Bowie. Prometheus Global Media.
  68. «Rapports annuels 1997». Ultratop (på fransk). Hung Medien. Arkivert frå originalen 24. mai 2009. Henta 12. september 2021. 
  69. «InfoDisc : Les Meilleurs Ventes d'Albums «Tout Temps» (33 T. / Cd / Téléchargement)». Arkivert frå originalen 20. mars 2020. Henta 17. januar 2018. 
  70. «Japanese album salstrofé – David Bowie – Earthling» (på japansk). Recording Industry Association of Japan. 
  71. «International Latvian Sertifisering Awards from 1998 to 2001». Latvian Music Producers Association. 1999. Arkivert frå originalen 3. juni 2019. Henta 12. september 2021 – via Directupload. 
  72. «British album salstrofé – David Bowie – Earthling». British Phonographic Industry.  Enter Earthling in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]