East Burra

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
East Burra
Geografi
East Burra is located in
Stad Nordsjøen
Koordinatar 60°5′ N 1°18′ WKoordinatar: 60°5′ N 1°18′ W
Øygruppe Shetlandsøyane
Areal 5,15 km²
Høgaste punkt 81 moh.
Administrasjon
Land Skottland
Region Shetlandsøyane
Demografi
Folketal 66 (2001)
Folketettleik 12,8 /km²

East Burra (norrønt Barrey[1]) er ei øy i Scalloway Islands, som høyrer til Shetlandsøyane i Skottland. Ho har brusamband til West Burra.

Sørenden av East Burra

Med eit areal på 5 km² er ho den 11. største av Shetlandsøyane.

East Burra har langt færre innbyggjarar enn West Burra og ingen større busetnader. I staden er busetnadane spreidd rundt på øya i små grender. Ein har funne spor frå yngre steinalder på øya, og i tillegg er ho kjend for sjøgrottene.

East Burra er landfast med Shetland Mainland via West Burra og Trondra og ei rekkje bruer.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Anderson, Joseph (Ed.) (1893) Orkneyinga Saga. Omsett av Jón A. Hjaltalin & Gilbert Goudie. Edinburgh. James Thin og Mercat Press (1990). ISBN 0-901824-25-9