East St. Louis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
East St. Louis
by
Land  USA
Stat Illinois
Region St. Clair
Koordinatar 38°37′N 90°8′W / 38.617°N 90.133°W / 38.617; -90.133
Areal 36,989153 km²
Folketal 27 006  (2010)
Grunnlagd 6. juni 1820
Tidssone CST (UTC-6)
Kart
East St. Louis
38°37′30″N 90°09′27″W / 38.625°N 90.1575°W / 38.625; -90.1575
Wikimedia Commons: East St. Louis, Illinois
Nettstad: www.cesl.us

East St. Louis er ein by i St. Clair County i Illinois i USA. Han ligg ved Mississippi-elva like overfor St. Louis i Missouri, i Metro-East-regionen av Sør-Illinois. Ved den amerikanske folketeljinga i 2010 hadde byen like over 27 000 innbyggjarar, mindre enn ein tredel av topptalet på over 82 000 i 1950. East St. Louis var då den 4. største byen i Illinois. Som mange større industribyar i USA har East St. Louis lidd under tap av arbeidsplassar i jernbaneindustrien og av-industrialiseringa av det såkalla Rustbeltet i andre halvdel av 1900-talet.

Gateway Geyser med utsyn mot St. Louis i Missouri.

Eit kjenneteikn for byen er Gateway Geyser, ei fontene som sender vatn 630 meter i verda, like høgt som Gateway Arch like ved. Fontena er den andre høgaste i verda.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Reiseguide for East St. Louis frå Wikivoyage