Eastern Cape

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Eastern Cape
Oos-Kaap
Mpuma-Koloni
Geografisk plassering

Provins i Sør-Afrika

Hovudstad Bhisho
Flatevidd

 - Rangering i Sør-Afrika

169 580 km²

2.

Folketal (2001)

 - Rangering i Sør-Afrika
 - Folketettleik

6 436 761

3.
38,0/km²

Grunnlagd 1994
Offisielle språk Engelsk, afrikaans, xhosa
Premier Nosimo Balindlela (ANC)
Nettstad www.ecprov.gov.za

Eastern Cape er ein provins i Sør-Afrika. Hovudstaden er Bhisho, men dei to største byane er Port Elizabeth og East London. Arealet til Eastern Cape er 169 580 km² og folketalet 6 436 761 (2001). Provinsen vart danna i 1994 av dei gamle «sjølvstendige» bantustanane Transkei og Ciskei og den austlege delen av Kapp-provinsen. Namnet «Cape» viser til Kapp det gode håp.

87,6 % av folket i Eastern Cape er svarte afrikanarar, 7,4 % er av blandingsrase («farga»), 4,7 % kvite og 0,3 % asiatar. 83 % av folket er xhosa-talande. Eastern Cape er fødestaden til fleire framtedande sørafrikanske politikarar, som Nelson Mandela, Oliver Tambo, Walter Sisulu, Govan Mbeki, Raymond Mhlaba, Robert Mangaliso Sobukwe, Chris Hani, Thabo Mbeki, Steve Biko og Charles Coghlan.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Eastern Cape

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen som har med Sør-Afrika å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.