Easy Lover

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Easy Lover
Singel av Philip Bailey og Phil Collins
frå albumet Chinese Wall
B-side

«Woman»

Språk engelsk
Utgjeve Desember 1984 (US), februar 1985 (UK)[1]
Innspelt 1984
Sjanger Rock
Lengd 4:50 (singel), 5:02 (album)
Selskap Columbia/CBS
Komponist Phil Collins, Philip Bailey, Nathan East
Låtskrivar(ar) Philip Bailey, Phil Collins and Nathan East
Produsent Phil Collins
Philip Bailey-kronologi 
Easy Lover «Photogenic Memory»
(1984)
Phil Collins-kronologi
«Against All Odds (Take a Look at Me Now)»
(1984)
Easy Lover «One More Night»
(1984)


«Easy Lover» er ein song av Philip Bailey og Phil Collins, skriven av Bailey, Collins og Nathan East. Songen vart gjeven ut på soloalbumet til Bailey, Chinese Wall i 1985. Collins har spelt songen på konsertane sine og finst på konsertalbumet Serious Hits... Live! frå 1990 og samlealbumet ...Hits frå 1998.

Songen vart ein stor hit i fleire land verda over. I USA nådde han andreplassen på Billboard Hot 100 og i Storbritannia låg han fire veker på toppen av singellista. Singelen selde over ein million eksemplar.

«Easy Lover» fekk ein MTV Video Music Award for Best Overall Performance i 1985 og vart nomniert til ein Grammy for beste song av duett eller gruppe.[2][3]

Den muntre videoen vart filma i London i England og er i røynda ein musikkvideo om å lage ein musikkvideo.

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1984-1985) Plassering
Austerrike 18
Nederland 1[4]
Finland (Suomen virallinen)[5] 5
Frankrike 14
Tyskland 5
Oricon Japansk vekentleg singelliste 19
Oricon Japanske internasjonale liste 1
Sverige 10
Sveits 8
UK Singles Chart 1
USA Billboard Hot 100 2
USA Billboard Hot Adult Contemporary Tracks 15
USA Billboard Mainstream Rock Tracks 5
USA Billboard Hot R&B/Hip-Hop Songs 3

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Strong, M. C. (1995). The Great Rock Discography. Edinburgh: Canongate Books Ltd. s. 251. ISBN 0-86241-385-0. 
  2. Rock On The Net: MTV Video Music Awards History: Best Overall Performance
  3. MTV VIDEO MUSIC AWARDS HISTORY: BEST OVERALL PERFORMANCE
  4. «De Nederlandse Top 40, week 4, 1985». Arkivert frå originalen 29. september 2008. Henta 1. mars 2008. 
  5. Nyman, Jake (2005). Suomi soi 4: Suuri suomalainen listakirja (på finsk) (1. utg.). Helsinki: Tammi. ISBN 951-31-2503-3. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]