Ebbe Hertzberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ebbe Hertzberg

Fødd11. april 1847
Holmestrand kommune
Død2. oktober 1912
Oslo
NasjonalitetNoreg
Yrkesamfunnsøkonom, historikar, jurist, professor, politikar, arkivar
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
Alma materUniversitetet i Oslo
Uppsala universitet
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi

Ebbe Carsten Horneman Hertzberg (11. april 18472. oktober 1912) var ein norsk jurist, sosialøkonom og historikar. Hertzberg vart fødd i Holmestrand og døydde i Kristiania.

Oppvekst og studiar[endre | endre wikiteksten]

Hertzberg var son av apotekar Johan Christian Hertzberg og Inger Horneman. Han tok examen artium i 1865, cand jur. i 1870. Deretter fekk han stipend til å studera han rettshistorie ved Uppsala Universitet. Interessa for (retts)historie gav seg allerie i 1868 utslag i at han vann Kronprinsens gullmedalje for ei historisk avhandling om aristokratiet før Kong Sverre. Etter rettshistoriestudiane i Uppsala drog han vidare til München der han studerte hos Konrad Maurer, ein av dei førande tyske rettshistorikarane som hadde norrøn tid som spesialfelt.

Universitetskarriere og professorat[endre | endre wikiteksten]

Tilbake i Noreg blei han i 1873 stipendiat i lovkyndighet og to år seinare både konstituert sekretær i Det statistiske Centralbureau og tilsett ved Det juridiske fakultet. I 1876 og 1877 gjekk vegen til Paris der han fekk stillinga som attaché ved den svensk-norske legasjon. Endeleg blei han så i 1877 utnemnd til professor i statsøkonomi og statistikk og drog tilbake til Kristiania.

Hertzberg var dessutan statsråd i «aprilministeriet» i 1884. I 1886 måtte han trekka seg frå professoratet på grunn av rykte om at han hadde hatt homoseksuelle forhold, noko som på den tida var ulovleg.

Rettshistoriske arbeid og nye verv[endre | endre wikiteksten]

Hertzberg flytta frå Kristiania for ei lengre tid, og skal då ha budd i München, Berlin, Holmestrand og Stockholm. Han arbeidde no vidare med sine rettshistoriske arbeid, mellom anna utarbeida han Glossarium til Norges gamle love (1895), som er eit register til Noregs lovar før 1388 med forklaringar.

Frå og med 1896 kom han gradvis tilbake til offentlege verv, mellom anna som formann av kommisjonen for Norges gamle lover og stod sentralt i arbeidet med ein ny norsk toll- og tariffpolitikk og som direktør i Den norske Hypotekbank.

I 1906 blei han utnemnd til Riksarkivar - ei stilling han hadde til han døydde.

Han arbeidde også med historiske studiar om norsk mellomalder, og fekk i oppgåve å skriva om perioden 1030-1319 i ei ny noregshistorie. Verket blei rettnok aldri fullført, men han skreiv også mange artiklar om historiske tema.

Hertzberg vart i 1901 utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden. I 1907 vart han forfremja til kommandør med stjerne. Ved begge høve vart han heidra for vitskapleg forteneste.

Hertzberg og homoseksualiteten[endre | endre wikiteksten]

Då rykta om at han hadde hatt homoseksuelle forhold til menn av arbeidarklassa truga professorstillinga hans i 1886, prøvde Hertzberg å mobilisera psykiatrien til sin fordel. Han oppsøkte psykiateren Carl Westphal i Berlin, som i 1869 hadde vore den første som hadde gitt tiltrekning til personar av same kjønn eit medisinsk namn: "die conträre Sexualempfindung" (seinare blei termen "homoseksualitet" vanlegare, først innan psykiatrien, deretter også i daglegspråket). Westphal skreiv at Hertzberg sin tilstand var medfødd og noko han ikkje kunne endra, og at årsaka mest sannsynleg var arv (psykiske lidingar i slekta blei foreslått som bevis på dette). Attende i Noreg gjorde ikkje denne argumentasjonsrekka inntrykk på Universitetskollegiet, tvert om meinte dei dette var ytterlegare eit argument for at Hertzberg burde gå frå stillinga si, og i oktober 1886 forlot han alle sine offentlege verv.

I 1902 publiserte han (anonymt) ein artikkel om homoseksualitet i norrøn tid, "Spuren von Konträrsexualität bei den alten Skandinaviern" i Jahrbuch für sexuelle Zwischenstufen, årboka til Magnus Hirschfeld og den tyske homorørsla. Hertzberg har hatt kontakt med personar knytt til denne rørsla, særleg juristen Eugen Wilhelm frå Strasbourg som var ein av dei flittigaste medarbeidarane til den nemnde Jahrbuch.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikisource Ebbe HertzbergWikikilden (frie originaltekstar)