Ebeltoft

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ebeltoft
Ebeltoft rådhus
Ebeltoft rådhus
Styresmakter
Land
Region
Danmark
Region Midtjylland
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2008)

7 501
Koordinatar 56°11′40″N 10°40′33″EKoordinatar: 56°11′40″N 10°40′33″E
Diverse anna
Heimeside: Kommunal heimeside

Ebeltoft (tidl. Æbeltoft) ligg på Austjylland i Danmark og er hovudby på halvøya Mols. Byen er med 7.501 innbyggjarar (2008) [1] den største byen i Syddjurs Kommune.

Filmhøjskolen eller The European Film College blei oppretta i 1993 med status som folkehøgskule.

Fleire gongar dagleg trafikkerer Mols-Linien overfarten til Sjællands Odde med snøggbåtar.

Byen er ein av Danmarks store turistdestinasjonar, mest på grunn av eit fargerikt butikk- og museumsliv (mellom anna Farvergården, Fregatten Jylland og Glasmuseet). I fellesferien blir innbyggjartalet mest dobla grunna massetilstrøyming av turistar. Det er òg mange badestrender i området.

Ebeltoft var tidlegare hovudby i Ebeltoft Kommune, men høyrer sidan 2007 til Syddjurs Kommune. Byen ligg administrativt under Region Midtjylland.

Innhaldsliste

Kuriosa [endre]

Ebeltoft er den einaste austjyske byen med vestkyst.

Turistattraktioner [endre]

  • Fregatten Jylland
  • Ebeltoft Rådhus (1789)
  • Glasmuseet Ebeltoft

Bakgrunnsstoff [endre]

Kjelder [endre]

  1. Statistikbanken Tabel BEF44