Eberbach kloster

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Klosterkyrkja
(Foto: Brukar Moguntiner på tysk Wikipedia)
Sovesalen
(Foto: Brukar Heidas på tysk Wikipedia)
Interiør, klosterkyrkja
(Foto: Brukar Moguntiner på tysk Wikipedia)
Ein av bogegangane
(Foto: Brukar Moguntiner på tysk Wikipedia)
Ein vinkjellar i Eberbach kloster
(Foto: Rebecca Kennison)

Eberbach kloster er eit nedlagt cisterciensarkloster nær Eltville am Rhein i Rheingau, Tyskland. Med sine imponerande bygningar i romansk og tidleg gotisk stil er klosterkomplekset rekna som eit av dei mest utsegnskraftige døme på arkitektonisk arv i delstaten Hessen. Vinteren 19851986 vart interiørscener til filmen Rosas namn tatt opp her.

Innhaldsliste

[endre] Historie

I 1136 grunnla Bernard av Clairvaux klostret som det første cisterciensarkloster på austsida av Rhinen. Eberbach vart tidleg eit var dei største og mest aktive kloster i Tyskland, herifrå skipa dei nye kloster; Schönau kloster i Odenwald (1142), klosterkyrkja Otterberg i Rheinland-Pfalz (1144), Val-Dieu kloster i Belgia (1155) og Arnsburg kloster i Wetteraukreis, Hessen (1174). Då Eberbach var på sitt mektigaste på 1100 og 1200-talet budde det om lag 100 munkar og 200 andre medlemmer av ordenen i klostret.

Kultivering av vinmarker og vinproduksjonen gav profitt slik at klosterdrifta vart ein økonomisk suksess.

I løpet av trettiårskrigen fekk klosteret store skadar. Etter åtaket frå den svenske hæren i 1631 vart klosterkyrkja og biblioteket plyndra og munkane vart tvungne til å flykte. I 1635 kom 20 munkar attende for å starte ei arbeidskrevjande oppbygging.

På 1700-talet kom ein ny periode med stor økonomisk framgang, reknskapsbøker syner at profitten vart investert på mengemarknaden i Frankfurt.

Med den franske revolusjonen sette den endelege tilbakegangen inn for Eberbach. 18. september 1803 vart klostret med jordterritorium og innhald ekspropriert og kom under prins Friedrich August av Nassau-Usingen.

[endre] Etter sekulariseringa

Jorda gjekk frå Nassau-Usingen til kongeriket Preussen i 1866, og i 1945 til delstaten Hessen som åtte klostret til og med 1997. Bruksområde har variert. Fram til 1873 var det drive eit asyl her og fram til 1912 eit fengsel. Vindyrkinga vart teke opp og heldt fram i perioden under delstaten. Etter monaleg restaureringsarbeid er no Eberbach ein vektig plass for kulturelle arrangement, utstillingar og filminnspelingar som til dømes innspelinga av scener til filmen etter Umberto Eco si bok Rosas namn i 1985. Om natta til den 26. april 2005 fekk klosteret store flaumskader etter regnvêr som fekk elva Kisselbach til å gå over breiddene.

[endre] Stiftinga Kloster Eberbach

1. januar 1998 overførde Hessen hele klosterkomplekset til ei velgjerande stifting kalla "Stiftung Kloster Eberbach" som har til føremål å verne det arkitektoniske og kulturelle monumentet ved drive tilsyn med at klosteret blir forvalta på ein passande og kontrollert måte for berekraftig nytte så vel som å halde ved like dei historiske tradisjonar med vinproduksjon.

[endre] Bygningane

Bygningsmassen former ein av dei mest imponerande klosterstadar i Tyskland kor dei tar vare på høgste kvalitets strukturar frå periodar i romantikken, gotikken og barokken. Innhaldslista Oculus Memoriae overlevde frå år 1211 og gjev informasjon om eigedomar og innhald i komplekset. I dag inkluderer komplekset:

  • Klosterkyrkja, ein romansk basilika med tverrskip, ho inneheld gravene til nokre av erkebiskopane i Mainz bispedømme.
  • Bogegangane, på sørsida er dei gotiske, på nordsida dels gotisk og dels romansk, resten er restaurering frå 1800-talet.
  • Kapellet, eit seingotisk kvadratisk rom med ei sentral søyle, restaurert med målarstykke i tak og på veggar.
  • Fraternei, er eit tidleggotisk rom med kraftige kjellarkvelv og har vore i bruk som vinkjellar sidan mellomalderen. Det er òg kjent som cabinetkeller, den opphavlege bruken av termen kabinett som ein kvalitetsetikett på tysk vin.
  • Dormitorium, sovesalen, eit tidleggotisk rom med lengd ca. 70 meter med kvelv og korte søyler med skulpturkapitel. Dette er eit av dei få slike rom av denne storleik og kvalitet som framleis finst i Europa.
  • Nordfløya, renovert på 1700-talet inneheld matsalen med eit barokk stukkaturtak av Daniel Schenk. Romet avløyste ein tidlegare gotisk matsal i nord.
  • Biblioteket ligg i vestfløya saman med klostermuseet frå 1995. Det inneheld det siste kjente cisterciensarglasvindauge i Tyskland, frå ca. 1180. Vidare var her originale kapitel, no erstatta av moderne kopiar, diverse skulpturar, målarstykke av Bernard av Clairvaux og diverse møblar.
  • Klausurbygget er ein avskild bygning vest for klosterkvarteret ligg bygget for dei ikkje-geistlege. Matsalen er 45 m lang medan dormatoriet er over 80 meter og det største sekulære rom i romansk stil i Europa. Ein romansk vinkjellar og diverse mindre bygg frå 1600-talet er knytt til Klausurbygget.
  • Aust for klostret ligg sjukehus, tenestebygg og vinkjellarar frå 1700 og 1800-talet.

[endre] Vinproduksjon

Vinmarkene til klostret var dei største i mellomalderens Europa, ca. 300 hektar. I dag er det meste av markene ått av delstaten Hessen og driven av selskapet Hessische Staatsweingüter GmbH Kloster Eberbach, som no driv det største samanhengande areal for vinproduksjon i Tyskland. Av 200 hektar som er kultivert er tre fjerdedelar planta med Riesling, men her finst òg Chardonnay, Pinot blanc, Pinot gris, Pinot noir og Dornfelder.

[endre] Bruken i dag

Klostret er åstad for konsertar i Rheingau musikkfestival og for liknande arrangement. Dei opne områda kan vitjast dagleg, med eller utan guide. Ein kan tinge og nytte rom til konferansar og andre treff. To gongar årleg er her vinauksjonar og her er òg vinsmaking for grupper.

[endre] Kjelder

[endre] Bakgrunnsstoff

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kloster Eberbach
Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk