Echinococcus multilocularis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Echinococcus multilocularis
Echinococcus multilocularis
Echinococcus multilocularis
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Flatmakkar Platyhelminthes
Klasse: Cestoda
Underklasse: Eucestoda
Orden: Cyclophyllidea
Familie: Taeniidae
Slekt: Echinococcus
Art: E. multilocularis
Vitskapleg namn
Echinococcus multilocularis

Echinococcus multilocularis er ein bendelormparasitt som lever framforalt i rev og andre hundedyr. Som mellomvert bruker parasitten mus og andre gnagarar, men han kan også bruke menneske.

I Europa finst Echinococcus multilocularis framfor alt i Mellom-Europa og nordaust i europeisk Russland. I 1999 vart parasitten oppdaga på Svalbard, dit han sannsynlegvis hadde komme med fjellrev på vandring frå Russland. I Norden er det framleis ikkje sett noko til han, bortsett frå spreidde tilfelle sør i Danmark og altså på Svalbard.

Livsløp[endre | endre wikiteksten]

Dei vaksne parasittane bur i tynntarmen til hovudverten (rev eller hund). Egga deira går med avføring ut i naturen, der dei t.d. blir etne av mus. Deretter går dei via blodet til levra, der dei dannar cyster, som utviklar parasitt-larvar. Når så hovudverten et smågnagarane, kjem larvane inn i tynntarmen att, og utviklar seg til vaksne parasittar.

Konsekvensar for menneske[endre | endre wikiteksten]

Menneske kan i teorien få egga i seg ved å ete bær eller sopp som reven har pissa på. Deretter går dei til menneska si lever, og føre til leversvikt (alveolar hydatid disease, AHD). Tidlegare rekna ein med ei levetid på høgst 10 år for AHD-pasientar, men med nyare medisin kan dei rekne med betre prognoser.

I Mellom-Europa er bortimot 60 % av revane smitta av Echinococcus multilocularis. Talet på faktiske sjukdomstilfelle i Europa er likevel lågt[1], og innsanka bær ei lite sannsynleg smittekjelde[2]. Trass i dette kan det ha sterkt negative konsekvensar for bærplukkings- og soppsankingskulturen som me kjenner han dersom smitta skulle kome til Noreg.

Risk for spreiing[endre | endre wikiteksten]

Parasitten kan kome til Norden via tre vegar:

  1. Via ville dyr, slik som på Svalbard
  2. Via import av tamdyr, særleg hundar
  3. Via import av matvarar

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Research European Echinococcosis Registry: Human Alveolar Echinococcosis, Europe, 1982–2000
  2. Heidelbeeren, Bärlauch und Hund: Wo der Fuchsbandwurm wirklich lauert

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Litteratur
  • Andreassen, Vegar 2003: Dødelig parasitt på Svalbard. [1] Arkivert 2005-09-21 ved Wayback Machine.
  • EELA: Riskinarviointi Echinococcus multiloculariksen leviämisestä Suomeen ja Suomessa, Helsinki 2001
  • Henttonen, H & Haukisalmi, V: Echinococcus multilocularis – ihmisen vaarallisin loinen Euroopassa: elämänkierto ja levinneisyyden nykytilanne. Suomen Riista 46, 200: 48-56
  • Saari, Seppo: Echinococcus multilocularis – heisimato (myyräekinokokki), joka toivottavasti pysyy maamme rajojen ulkopuolella. [2] Arkivert 2007-03-07 ved Wayback Machine.
  • Thompson, R. C. A. & Lymbery A. J: Echinococcus and hydatid disease. CAB International 1995.