Ectasium
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ectasium (gresk ectasis, tyder «utviding») er den andre geologiske perioden i mesoproterozoikum. Han varte i perioden som byrja for 1400 millionar år sidan og enda for 1200 millionar år sidan. Perioden er ikkje basert på stratigrafi, men definert kronometrisk.
Namnet kjem av plattformdekket som heldt fram å utvide seg i denne perioden.
Ein har funne spor av eukaryotisk raudalgar, Bangiomorpha pubescens, i 1200 millionar år gamle berglag i Hunting-formasjon (Somerset Island i Canada). Dette er den eldste kjønsleg formeirande organismen ein kjenner til, og derfor før dei tidlegaste kjende fleircella organismane.[1]
Kjelder[endre]
- Denne artikkelen bygger på «Ectasian» frå Wikipedia på engelsk, den 18. august 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Ectasian Period. GeoWhen Database. Vitja 19. august 2008.
- James G. Ogg (2004) «Status on Divisions of the International Geologic Time Scale.» – Lethaia, bind 37, s. 183–199.
| Proterozoikum | |||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| Paleoproterozoikum | Mesoproterozoikum | Neoproterozoikum | |||||||
| Siderium | Rhyacium | Orosirium | Statherium | Calymmium | Ectasium | Stenium | Tonium | Kryogenium | Ediacara |