Edøy gamle kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Edøy gamle kyrkje
kyrkje

Foto: Olve Utne

Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Møre
Prosti Ytre Nordmøre
Sokn Edøy
Fellesråd Smøla
Type langkyrkje
Arkitekt Ved gjennoppbygginga: Tverrdahl
Material stein
Innvigd Kring 1190/
4. juni 1950
 - Endringar Gjennoppbygd 1947–1950
Takryttar Over vestre enden av skipet
Kyrkjegard Vestom kyrkja
Sitjeplassar 120
Kart
Edøy gamle kyrkje
63°17′08″N 8°07′53″E / 63.2856°N 8.1315°E / 63.2856; 8.1315
Wikimedia Commons: Edøy gamle kyrkje

Edøy gamle kyrkje er ei steinkyrkje frå tida kring 1190 som ligg på Edøya i Smøla kommune. Eit skriv frå 1695 nemner at kyrkja vart lengd med sju alen.

Edøy gamle kyrkje is located in Møre og Romsdal
Plasseringa til Edøy gamle kyrkje

Ho gjekk or bruk som soknekyrkje etter at nykyrkja, Edøy kyrkje på Smøla, var ferdigbygd i 1885. Kyrkja brann etter eit lynnedslag den 14. januar 1887, og alt treverk og interiør anna enn altertavla og nokre få andre gjenstandar gjekk tapt. Altertavla vart øydelagd under bombinga av Kristiansund i 1940. Kyrkja vart bruka som lager av okkupasjonsmakta under andre verdskrigen. Etter krigen vart kyrkja oppattbygd, og ho vart atterinnvigd i 1950. I samband med 900-årsjubiléet i 1990 vart kyrkja nyoppussa og det vart sett inn nytt orgel.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]