Edøyfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Edøyfjorden er ein fjord mellom Aure og Smøla kommuneNordmøre. Fjorden er den sørvestlegaste delen av Trondheimsleia og strekkjer seg 26 km nordaustover til der Ramsøyfjorden kjem sørover mellom Smøla og Hitra.

Fjorden ligg på nordsida av øyane Tustna, Stabblandet, Solskjeløya, Ertvågsøya og Grisvågøya, og på sørsida av Smøla og Edøya, som han er kalla opp etter. Frå Edøya går det ferjesamband sørover til Sandvika på Tustna.

Mellom Tustna og Stabblandet går Sålåsundet. Mellom Stabblandet og Ertvågsøya går Imarsundet sørover, og mellom Ertvågsøya og fastlandet ligg Aursundet. Alle sunda endar opp ved Vinjefjorden på sørsida. På Ertvågsøya går òg Foldfjorden sørover frå Edøyfjorden.