Edderkoppdyr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Edderkoppdyr


Ein krabbeedderkopp
Ein krabbeedderkopp i slekta Xysticus

Systematikk
Rekkje: Arthropoda
Underrekkje: Cheliceriformes
Klasse: Chelicerata
Underklasse: 'Arachnida'
Vitskapleg namn
Arachnida

Edderkoppdyr eller araknidar (Arachnida) er ei stor gruppe leddyr som høyrer til klosaksdyra. Gruppa omfattar over 60 000 artar fordelt på 11 ordenar; mellom anna edderkoppar, skorpionar, bokskorpionar, midd og vevkjerringar. Dei langt fleste artane lever på land, og dei er utbreidd i dei fleste miljø.

Det er usemje i fagmiljøa om edderkoppdyra skal reknast som ei biologisk klasse eller ei underklasse under Chelicerata. Kva løysing ein vel er vilkårleg, sidan taksa er konstruerte. På nynorsk wikipedia reknar me dei som ei underklasse.

Anatomi[endre | endre wikiteksten]

Edderkoppdyra har, som andre klosaksdyr, todelt kropp som består av prosoma og opisthosoma. Dei har fire bein fest til framkroppen, i tillegg til klosaksar og pedipalpar. Til skilnad frå andre leddyr manglar dei følehorn. På same måte som krepsdyr har dei eit ryggskjold som dekkjer framkroppen heilt eller delvis.

Bakkroppen til edderkoppdyra manglar ekstremitetar, bortsett frå hjå edderkoppar og skorpionar som har fått utvikla høvesvis spinnvorter og gift-telson. Han kan vera både segmentert (som hjå til dømes skorpionar og soledderkoppar) eller usegmentert (som hjå edderkoppar og midd). Her finn ein mellom anna gassvekslingsorgan (anten boklunger eller trakear) og kjønnsorgana til dyra. Bortsett frå langbeinar manglar edderkoppdyra penis og må såleis overføra sæd på anna vis.

Systematikk[endre | endre wikiteksten]

Skorpionen Androctonus crassicauda
Flåtten Ixodes hexagonus

Edderkoppdyra er søstergruppa til dolkehalane og utgjer saman med dei gruppa Chelicerata, som saman med dei såkalla havedderkoppane (Pycnogonida) dannar underrekkja Cheliceriformes. Ein reknar med at dei inntok landjorda i silurtida, samstundes som mangefotingane og kanskje insekta. Dei eldste fossilane er av skorpionar, og ut frå lungene deira reknar ein med at dei levde i vatn. I dag er derimot alle dei kjende artane anten landlevande eller sekundært akvatiske.

Innanfor gruppa opererer me med 11 nolevande ordenar:

Korleis dei ulike gruppene innanfor edderkoppdyra er i slekt med kvarandre er eit kontroversielt spørsmål ein ikkje har fullstendig oversikt over. Særleg innanfor middane er det mykje uvisse. Somme forfattarar hevdar at gruppa er difyletisk og at skorpionane oppstod ved eit anna høve enn resten av edderkoppdyra, men ut frå liknande forfedrar.

Ordsoge[endre | endre wikiteksten]

Arachnida kjem frå det greske άράχνη (arachne), som både tyder edderkopp og viser til sagnkvinna Arachne. Segna fortel at Arachne var den dyktigaste vevaren i Hellas og at ho etter kvart vart så forfengeleg at ho hevda seg betre enn tilmed gudinna Artemis. Som straff for hovmotet vart ho skapt om til ein edderkopp og dømt til å spinna heile livet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Brusca & Brusca: Invertebrates Sinauer Associates 2002