Eddie Daniels

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eddie Daniels

Jazz klarinettist Eddie Daniels performing live in concert in New Haven, CT on September 14, 2007.
Fødd19. oktober 1941 (82 år)
FødestadNew York by
OpphavUSA
Aktiv1950-åra til i dag
SjangerJazz
Instrumentklarinett, saksofonar, fløyte, piccolo
PlateselskapMuse Records, Prestige
Verka somklarinettist, jazzmusikar, saksofonist

Eddie Daniels (fødd 19. oktober 1941) er ein amerikansk musikar og komponist. Sjølv om han er mest kjend som jazz-klarinettist, har han òg spelt alt- og tenorsaksofon, og i tillegg klassisk musikk på klarinett.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Daniels var fødd i New York City i ein jødisk familie. Mora var frå Romania.[1] Han voks opp på Manhattan Beach i Brooklyn i New York City. Han vart interessert i jazz som tenåring. Det første instrumentet hans var altsaksofon, og 15 år gammal spelte han i ein ungdomskonkurranse ved Newport Jazz Festival.[2] 13 år gammal spelte han òg klarinett.

Daniels har turnert og spelt inn musikk med mange band, små grupper og orkester, og vore mange gonger på fjernsyn. Sidan 1980-åra har han hovudsakleg fokusert på klarinett. I 1989 vann han Grammyprisen for å ha spelt Roger Kellaway sitt arrangement av Memos from Paradise. Han har òg spelt med artistar som Freddie Hubbard, Richard Davis, Don Patterson og Bucky Pizzarelli.

Eddie Daniels har spelt med Thad Jones,[2] og i nyare tid som gjesteartistt for Gordon Goodwin's Big Phat Band på albumet Swingin' For The Fences.

I 2009 komponerte den sveitsiske komponisten og saksofonisten Daniel Schnyder ein Solokonsert for klarinett og orkester kalla MATRIX 21 for Eddie Daniels og dediserte denne til han.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Som leiar[endre | endre wikiteksten]

  • First Prize! (Prestige, 1966)
  • «Nepenthe» med John Patitucci, Chuck Loeb and Dave Weckl

(GRP, 1990)

  • Memos From Paradise (GRP,1988)
  • Brief Encounter (Muse,2006)

Som sidemann[endre | endre wikiteksten]

Lite utval.

Med George Benson og Joe Farrell

Med Richard Davis

Med Johnny Hammond

Med Yusef Lateef

Med Airto Moreira

Med Don Patterson

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Sorin Tudor (10 November 2010). «Eddie Daniels: Mama mea este românca!» (på rumensk). webcultura.ro. Henta 31. august 2014. 
  2. 2,0 2,1 Yanow, Scott. «Eddie Daniels: Biography». Allmusic. Henta 12. desember 2010. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]