Eddie Izzard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eddie Izzard

Fødd7. februar 1962 (62 år)
FødestadAden
FødenamnEdward John Izzard
Aktive år1982–
Verka somstandupkomikar, skodespelar, stemmeskodespelar, komikar, politikar, improvisatør, fjernsynsskodespelar, skribent
PrisarPrimetime Emmy Award for Outstanding Writing for a Variety, Music or Comedy Program, Drama Desk Award for Outstanding Actor in a Play, Primetime Emmy Award for Individual Performance in a Variety or Music Program, Theatre World Special Award, James Joyce-prisen, British Comedy Awards, British Comedy Awards

Eddie Izzard (fødd 7. februar 1962) som Edward John Izzard) er ein britisk stand-up-komikar og skodespelar. Izzards varemerke er ei særeigen raljerande og surrealistisk form for monolog. I tillegg til å vera omreisande komikar er han aktiv som skodespelar, i første rekke på film.

Oppvekst og familie[endre | endre wikiteksten]

Han vart fødd i Aden i Jemen som den yngste sonen til John og Ella Izzard. I 1963, kort tid før Storbritannia gav opp hovudstaden Aden, flytta familien Izzard til Nord-Irland. Dei budde i Belfast fram til 1967 inntil den aukande uroa der gjorde at familien flytta påny, først til Skewen i Wales og deretter til Bexhill-on-Sea i det engelske grevskapet East Sussex. Mor hans døydde i mars 1968 av kreft.

Politisk engasjement[endre | endre wikiteksten]

Han har ved fleire høve engasjert seg i politiske spørsmål, mellom anna i opposisjon til nedlegginga av avdelingane for drama og språk, lingvistikk og oversetting ved University of East Anglia. I tillegg har han arbeidd for ein auka grad av integrering av Storbritannia i EU. I mai 2005 deltok han i BBC sitt politiske debattprogram «Question Time» og skildra seg sjølv der som ein «britisk europear» og samanlikna med andre kulturidentitetar slik som «afro-amerikansk». Som ein lekk i integreringsagitasjonen hans var han ein av dei første til å betale med euro i London. Dette synet på Europa har påverka arbeidet hans på andre måtar. Han opptrer regelmessig på fransk, og av og til på tysk i tillegg til engelsk. I juli 2003 vart han utnevnt til æresdoktor ved East Anglia-universitetet i Norwich for det «pro-europeiske arbeidet» sitt og sitt «bidrag til fermjing av moderne språk og toleranse for andre kulturar og livsstilar» samt for å ha «overstige nasjonale barrierer» med humoren sin.

Profesjonell utvikling[endre | endre wikiteksten]

Etter at mora døydde, fann Eddie støtte i det å drive med komedie. Han var særleg inspirert av arbeidet til slike som Monty Python, Steve Martin, Richard Pryor og Benny Hill i eit tidleg stadium. Han byrja å leike seg med stand-up forma medan han gjekk på college og etter å ha blitt vist ut frå skolen byrja han å opptre på gata. Etter å ha levd store delar av 1980-talet som gateartist rundt om i Europa og USA, flytta Izzard numra sine inn på komediescenene i Storbritannia. Første opptreden var på The Comedy Store i London i 1987. I løpet av 80-talet og det tidlege 1990-talet finpussa han materialet sitt og vann etterkvart ei viss grad av anerkjenning. Stand-up arbeidet hans førte til British Comedy Awards i 1993 for Live at the Ambassadors, og i 1996 for Definite Article. Etter den britiske delen av turneen tok han materialet frå Definite Article med seg til større byar uanfor Storbritannia, inkludert eit suksessfylt opphald i New York City. Han slo imidlertid ikkje gjennom for fullt i USA før han i 1998 med Dressed to Kill vart kringkasta på den amerikanske fjernsynskanalen HBO, noko som gav han to Emmy-prisar i 2000.

Signatur[endre | endre wikiteksten]

Eddie Izzard comes i 2015.

Izzard hevder sjølv at han ikkje skriv ned noko av materialet sitt[1], men at han noterer i handa når nummer treffer dårleg. Vanlege figurar og referansar i numra hans inkluderer:

  • Imitasjon av James Mason si stemme, ofte når figuren er Gud eller andre autoritetar.
  • Imitasjon av Sean Connery si stemme, der figuren - som har variert frå Noa til Henry VIII - som oftast har ein interaksjon med ein Mason-figur.
  • Ei skotsk kvinne ved namn Mrs. Badcrumble (den tidlegare klarinettlæraren hans)
  • Namna Jeff og Steve i ulike former
  • Stadige referansar til banjo og syltetøy

Transvestittisme[endre | endre wikiteksten]

Izzard skildrar seg sjølv som ein executive or action transvestite og brukar ofte kvinneklede og sminke både på og bak scena. Han understrekar at dette ikkje er ein seksuell ting og at han ganske enkelt liker å sminke seg og ha på klede som her i Vesten generelt berre vert brukt av kvinner. Han avviser påstandar om at han er homofil, og hevdar med glimt i auget at han nok heller må reknast for å vera «ei mannleg lesbe».

Stand-up-forestillingar[endre | endre wikiteksten]

  • Sexie (2003)
  • Circle (2002)
  • Dressed to Kill (1999)
  • Glorious (1997)
  • Definite Article (1996)
  • Unrepeatable (1994)
  • Live at the Ambassadors (1993)

Filmroller[endre | endre wikiteksten]

TV[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Intervju og artiklar[endre | endre wikiteksten]