Eddik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ulike typar eddik i flasker.

Eddik er ei væske som anten er lagd eller har kome til av seg sjølv ved at ei alkoholhaldig væske har gjæra på grunn av eddiksyrebakteriar, Acetobacter aceti, som så godt som alltid finst i lufta. Gjæringa er ei oksydasjonsprosess, og krev difor at det er oksygen til stades.

Eddik vert nytta i matlaginga, til konservering av mat, i næringsmiddelindustrien osb. God eddik, som må lagrast lufttett og kjølig, skal vere klår og ha ein rein og sterk og sur smak som ikkje er skarp.

Hovudinnhaldet i eddik er eddiksyre og vatn. Dessutan finst det andre emne, alt ettersom kva slags alkoholhaldig væske som har gjæra av seg sjølv eller har vore sett til gjæring på til dømes industrielt vis. Etter det råstoffet som vert nytta, får ein vineddik, spriteddik, frukteddik, øleddik, malteddik osb. I somme eddiktypar vert det tilsett fruktsafter og krydder.

Vidgjeten er den franske vineddiken, som vert laga ved at vin står i kar på ein varm stad, og etter nokre veker er gjæra eller surna til eddik; det franske ordet for eddik, vinaigre, tyder «sur vin». For å få fart på gjæringa ved snøgt å få opp mengda av eddiksyrebakteriar, kan litt gamal eddik setjast til vinen.

Industrielt kan eddik lagast på ein snøgg måte ved å nytte 10 % sprit tilsett litt øl eller vørter som råstoff, og late dette risle over høvelspon av bøketre medan luft på om lag tretti gradar celsius vert blåst opp i væska for fart i oksydasjonsprosesen. Eddiksyre kan dessutan lagast kjemisk og tilsetjast vatn, aromastoff og farge til eddiken har brukbar styrke, lukt og utsjånad.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Eddik