Eddiksyre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Strukturformel og modell av eddiksyre

Eddiksyre er ei karboksylsyre med kjemisk formel CH3COOH. Eddiksyre kan framstillast ved oksidering av etan. Konsentrert er syra fargelaus, brennbar og frys ved 16,6 °C. På grunn av det høge frysepunktet vert konsentrert eddiksyre gjerne kalla iseddik

I løysning mistar eddiksyra eit proton og ein får acetationet (CH3COO-). Sidan eddiksyre er ei svak syre, vil både eddiksyremolekylet og acetationet eksistera i løysninga. Syrekonstanten (Ka) til eddiksyre er 1,8 x 10-5.

Eddiksyre er viktig i biokjemien.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Eddiksyre finst i eddik og blir mykje brukt i matlaging. Eddiksyre vert og brukt som tilsetningsstoff og konserveringsmiddel. Syra har da nummeret E-260.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Eddiksyre
Spire Denne kjemiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.