Edelkreps

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Edelkreps
Edelkreps
Edelkreps
Status
Status i verda: VU Sårbar
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Leddyr Arthropoda
Underrekkje: Krepsdyr Crustacea
Klasse: Storkreps Malacostraca
Orden: Tifotkreps Decapoda
Familie: Astacidae
Slekt: Astacus
Art: Edelkreps A. astacus
Vitskapleg namn
Astacus astacus

Edelkreps (Astacus astacus) er ein tifotkreps som lever i ferskvatn som elver, innsjøar og tjern over store delar av Europa. I Noreg finn me han helst på Austlandet, med størst bestand i Tyrifjorden i Buskerud. Arten er særs sårbar overfor ureining, og er særleg avhengig av kalk for å kunne byggje opp skalet sitt.

Den norske raudlista reknar edelkrepsen som ein truga art. Dette kjem av fleire faktorar, mellom anna ureining, tilgroing av vatn og den frykta krepsepesten.

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Edelkrepsen har som alle andre tifotkreps todelt kropp, ein forkropp cephalothorax og ein bakkropp abdomen eller pleon. Forkroppen har fem par gangbein, kor dei første er omdanna til klør. På bakkroppen sit det fem par mindre symjebein og ein hale med uropodar. Når krepsen kjenner seg truga, kan han bruka halen til å symje bakover og såleis sleppe unna i ein fart.

Edelkreps er mellom dei største ferskvasskrepsdyra i Europa, og kan bli heile 18 cm lang med ei vekt på 350 g. Unnataksvis vert dei endå større.

Fargen på dyret er oftast grøn eller brun, stundom blå eller svart.

Levesett[endre | endre wikiteksten]

Edelkrepsen er nattaktiv, og tilbringer dagen gøymd i holer eller under røter. Han et for det meste åtsel, små vassdyr som sniglar, ferskvassmuslingar, vassinsekt, børstemark, flatmark og litt plantar.

Hannen hevdar revir berre om hausten, når dei parer seg. Hoa ligg på ryggen medan hannen befruktar egga, som heng på utsida av kroppen hennar. Størsteparten av larveutviklinga skjer medan egga hekk på hoa. Dei klekker om våren og liknar då dei vaksne, berre utan fullt utvikla klør. I byrjinga lever dei av plommesekken sin, men snart må dei forlata mor si for å fanga sin eigen mat. På denne alderen er dei hovudsakleg rovdyr, og et det dei kjem over.

Krepsepest[endre | endre wikiteksten]

Krepsepest (Aphanomyces astaci) er ein soppsjukdom som rammar edelkreps. Sjukdommen kom til Europa med innføringa av signalkreps til Sverige frå Nord-Amerika. Signalkrepsen vert ikkje like hardt ramma av sjukdommen, men edelkrepsen vart eit lett bytte. Soppen rammar ikkje menneske eller andre dyr.

Sykdommen førte mellom 1971 og 1991 til at store delar av edelkrepsbestanden her i landet døydde ut. Først og fremst har Glomma-, Halden-, Store Le- og Vrangselva-vassdraga vorte angripne her i landet.

Mattilsynet har sett i gang ei rekkje tiltak for å hindra spreiing, mellom anna stenging av sluser, restriksjonar på flytting av utstyr mellom vassdrag, og lokale forbod mot krepsing.

Edelkreps Astacus astacus har mørke klør utan kvite flekkar
Foto: Magne Flåten

Kreps som mat[endre | endre wikiteksten]

Kreps har vorte ete som mat sannsynlegvis i uminnelege tider. Dei eldste kjeldene som viser til det er frå mellomalderen, då det var populær kost i svensk adel. På 1600-talet og 1700-talet spreidde det seg til alle sosiale klassar.

Krepsen vert fanga i feller, sjølv om dei òg til ein viss grad vert drive oppdrett av dei i Sverige. Særleg her er krepsen eit viktig dyr, med krepsefesten som eit vanleg sommarfenomen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Edelkreps