Edenbridge

Koordinatar: 51°12′N 0°4′E / 51.200°N 0.067°E / 51.200; 0.067
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Edenbridge

Gamlebyen
Gamlebyen
Gamlebyen
Plassering
Edenbridge is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  England
Grevskap Kent
Distrikt Sevenoaks
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

7 808
Koordinatar 51°12′N 0°4′E / 51.200°N 0.067°E / 51.200; 0.067
Diverse annan informasjon
Postnummer TN8
Telefon-retningsnummer 0 1732
Commons har multimedium som gjeld: Edenbridge

Edenbridge er ein småby i Kent i England. Han ligg i området Weald, nær staden der grevskapa Kent, Surrey og East Sussex møtes, og høyrer til distriktet Sevenoaks. Namnet kjem frå gammelengelsk Eadhelmsbrigge, «Eadhelms bro»; byen voks opp ved ein vadestad i elva Eden, ein sideelv til Medway som har fått namnet sitt frå byen.

I mellomalderen vart byen eit sentrum for den omfattande jernindustrien i Weald. Fleire tømmerbygningar frå perioden er bevart, og ein av dei er innreidd som museum.

Byen vert tent av to jernbanestasjonar, ein ved linja frå Redhill til Tonbridge, og ein ved den gamle hovudlinja mellom London og Eastbourne. Dei to linjene kryssar kvarandre like utanfor Edenbridge.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]