Eder

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eder
elv
Eder-demninga, som vart bomba under den andre verdskrigen
Land  Tyskland
Nedslagsfelt 3 362 km²
Lengd 177 km
Kjelde Sauerland
 - høgd 620 moh.
Munning Fulda
Kart
Eder
50°56′06″N 8°12′34″E / 50.9351°N 8.2095°E / 50.9351; 8.2095
Wikimedia Commons: Eder (Fulda)

Eder er ei elv i Nordrhein-Westfalen og Hessen i Tyskland og ei av sideelvane til Fulda frå venstre med ei lengd på 177 km. Ho vart først nemnd av den romerske historikaren Tacitus som Adrana i området Chatti.

Ho har sitt utspring frå fjellet Ederkopf vest i Nordrhein-Westfalen nær kjelda til elvene Lahn og Sieg. I motsetnad til Lahn og Sieg, som begge er sideelvar til Rhinen, renn Eder austover og nordover og munnar ut i Fulda ved Edermünde, sør for Kassel. Ved Hannoversch Münden renn Fulda i lag med Werra og dannar Weser som renn ut i Nordsjøen nord for Bremen. Byar langs Eder er mellom anna Battenberg, Frankenberg, Waldeck og Fritzlar.

I 1914 stod ei 47 meter høg demning ferdig nær den vesle byen Waldeck, og han danna reservoaret Edersee, som er 27 km lang og held opp til 200 millionar m³ vatn. Han vert nytta til vasskraftproduksjon og for å regulere vassnivået i Weser.

Demninga vart øydelagd av britiske bombefly 17. mai 1943 (Operasjon Chastise). Bombeflya var utstyrt med den spesielle Barnes Wallis-bomba, som spratt bortover vatnet når ho vart slept i ein spesiell vinkel frå fly. Same natt vart demninga ved Möhnereservoaret òg bombardert, noko som skapte enorme øydeleggingar og tap av liv nedstraums (største delen av dei omkomne var ukrainske krigsfangar like nedanfor demninga). Filmen The Dam busters omhandlar denne hendinga.

Demninga vart bygd opp at same året, og i dag er innsjøen eit område for rekreasjon.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]