Edgeøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Edgeøya
Geografi
Edgeøya labelled.png
Stad Nordishavet
Koordinatar 77°40′N 22°30′EKoordinatar: 77°40′N 22°30′E
Øygruppe Svalbard
Areal 5 073 km², der isbreat utgjer 2 102 km²
Høgaste punkt Caltexfjellet (590 moh.)
Administrasjon
Land Noreg Noreg
Demografi
Folketal 0

Edgeøya er ei øy som er ein del av Svalbard. Øya ligg aust for Spitsbergen og sør for Barentsøya. Øya har ei flatevidd på kring 5 073 kvadratkilometer. Øya er kalla opp etter Thomas Edge (d. 1624), ein engelsk handelsmann og kvalfangar. Øya vert sjeldan vitja i dag.

Edgeøya utgjer ein del av Søraust-Svalbard naturreservat. Øya er eit viktig leveområde for isbjørn. Her finst òg svalbardrein.

Øya er ikkje busett.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kven som oppdaga Edgeøya er omstridd. Den nederlandske kartografen Petrus Plancius teikna ei kystlinje aust for Spitsbergen på eit kart i 1612. Kystlinja var innskore og identifisert som «Gerrits Eylant». Enkelte historikarar (som Wieder i 1919) meiner at dette var første gong sørkysten av Edgeøya vart registrert. Eit anna tidleg kart som viser denne kystlinja vart teikna av Joris Carolus, ein nederlandsk navigatør i 1614. Carolus viser at kysten er delt i to delar, «Onbekende Cust» (som tyder «Ukjend kyst» på nederlandsk) i vest og «Marfyn» i aust. Det er teikna inn øyar utanfor Marfyn.

Martin Conway hevda i 1901 at Carolus sitt kart indikerte at han oppdaga Edgeøya under ein ekspedisjon i 1614, men utelukka ikkje at Thomas Marmaduke frå Hull kunne ha funne ho eitt år tidlegare. Conway kjende derimot ikkje til Plancius sitt tidlegare kart. Wieder (1919) identifiserte Plancius si kystlinje som Edgeøya og konkluderte med at øya vart oppdaga av nederlandske sjøfararar. Dette kravde derimot at det måtte ha vore ein tidlegare gløymd ekspedisjon til Svalbard mellom Willem Barents i 1596 og Plancius si nedteikning i 1612. Thomas Edge, engelskmannen som øya er kalla opp etter, såg først øya i 1616.

Fire russiske sjømenn var stranda på Edgeøya, eller ei lita øy utanfor Edgeøya, frå 1743 til september 1749. Tre av dei overlevde. Sjå «Four Against the Arctic» av David Roberts, 2003, for meir informasjon.

Sjølv om det aldri voks opp busetnader på Edgeøya var kvalfangst og jakt på kvalross ein omfattande industri i området. Ein kan finne restar etter dette utanfor Edgeøya på Bölscheøya i øygruppa Tusenøyane.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Plasseringa til Edgeøya på Svalbard

I vest grenser øya til Storfjorden, som skil Edgeøya frå Spitsbergen. Mellom Edgeøya og Barentsøya i nord går Freemansundet. I nordaust ligg Olgastretet, som skil Edgeøya frå Kong Karls Land. I aust ligg Ryke Yseøyane, i sør Tusenøyane og i søraust Halvmåneøya. Den sørvestre delen av øya er delt i to av Tjuvfjorden.

Det nordlegaste punktet på øya er Kapp Heuglin, eit nes som fekk namn i august 1870 etter den tyske sjøfararen Theodor von Heuglin (1824-76) under Heuglin-Zeil-ekspedisjonen.

Geologisk er øya lik dei sentrale områda av Spitsbergen med stein frå mesozoikum (særleg skifer frå trias med underordna sandstein og stundom grønstein og i sørvest sedimentære lag frå juratida), erosjon frå isbrear og polare iskapper. På austsida av øya ligg den svære isbreen Edgeøyjøkulen.

I lag med Barentsøya og nokre av naboøyane dannar Edgeøya ein del av Søraust-Svalbard naturreservat, som vart oppretta av den norske regjeringa i 1973.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]