Ediacara

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ediacara
630 - 542 millionar år sidan
Gjennomsnittleg O2-innhald i perioden ca. 8 vol %[1]
(40 % av dagens nivå)
Gjennomsnittleg CO2-innhald i atmosfæren i perioden ca. 4500 ppm[2]
(16 gonger førindustrielt nivå)
Hendingar i ediacara
sjå • diskuter • endre
-640 —
-630 —
-620 —
-610 —
-600 —
-590 —
-580 —
-570 —
-560 —
-550 —
-540 —
-530 —
-520 —
-510 —
-500 —
 
 
Ediacara
 
 
 
 
 
 
Siste dyr i ediacara
Siste antatte ediacara
Første megafossil i ediacara
Aspidella-
diskar
Neoproterozoikum
(siste æra i prekambrium)
Paleozoikum
(første æra i fanerozoikum)
Skala: millionar år sidan
Kjelder: Waggoner 1998,[3] Hofmann 1990[4]

Ediacara er den siste geologiske perioden i neoproterozoikum. Han er kalla opp etter Ediacara Hills i Sør-Australia) og er perioden som kjem før kambrium i paleozoikum. Perioden vart offisielt godkjend i mars 2004 av International Union of Geological Sciences (IUGS) og vart den første nye geologiske perioden som vart erklært på 120 år.[5]Typesnittet er i Flinders Ranges i Sør-Australia og han overlappar, men er kortare enn den tidlegare venedium-perioden som var eit namn som tidlegare var føreslått i Russland.

Starten på edicara[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om ein i edicara finn nokre fossil av blautdyr er han uvanleg samanlikna med seinare periodar fordi byrjinga ikkje er definert ut frå endringar i fossilregisteret. I staden for er byrjinga definert som starten på eit kjemisk forskjellig karbonatlag kalla ein kappekarbonat, fordi det ligg over isbreavleiringar og indikerer ei brå klimaendring mot slutten av ei istid. Dette leiet er kjenneteikna av særs lite 13C og vert av fleire forskarar rekna som globalt omfattande, men dette er omdiskutert.

Datering[endre | endre wikiteksten]

Det har ikkje vore mogeleg å datere typesnittet frå edicara i Sør-Australia. Derfor er tidsperioden som edicara omfatta, frå 635 til 532 millionar år sidan, basert på korrelasjonar til andre land, der datering har vore mogeleg. Starttidspunktet er for om lag 635 millionar år sidan og er basert på U-Pb (uran-bly) isokrondatering frå Namibia.[6] Ved å nytte dette starttidspunktet for edicara meiner ein at individuelle kappekarbonat er lagt ned samstundes verda over og at det riktige kappekarbonatlaget har vorte samsvart mellom Australia og Namibia. Dette er omstridd fordi ein alder på om lag 580 millionar år er funne i glasiale bergartar på Tasmania, som forskarar forsøksvis samsvarar med dei like under bergartane frå ediacara i Flinders Ranges.[7] Sluttidspunktet for perioden er sett til starten av kambrium.

Biota[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Ediacarisk biota.

Ein har lite dyrefossil frå denne periode, kanskje fordi dyr på denne tida ikkje hadde utvikla harde ytre enno og at det derfor var vanskeleg å få danna fossil. Den edicariske biotaen inkluderer nokre av dei eldste sikre fleircella organismane med vev og dei vanlegaste typane liknar markar, bregner, diskar og immobile poser. Dei liknar lite på moderne livsformer og forholdet til sjølv livsformene som oppstod under den kambriske eksplosjonen er vanskeleg å sjå. Meir enn 100 slekter har vorte skildra og av dei ein kjenner til finn ein arkarua, charnia, dickinsonia, ediacaria, marywadea, onega, pteridinium og yorgia.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Fil:Sauerstoffgehalt-1000mj.svg
  2. Fil:Phanerozoic Carbon Dioxide.png
  3. Waggoner, Ben (1998) «Interpreting the Earliest Metazoan Fossils: What Can We Learn?» – Integrative og Comparative Biology, bind 38, nr. 6, s. 975—982.
  4. Hofmann, H.J., Narbonne, G.M., Aitken, J.D. (1990) «Ediacara remains from intertillite beds in northwestern Canada» – Geology, bind 18, nr. 12, s. 1199-1202.
  5. Knoll, A.H., Walter, M.R., Narbonne, G.M., Christie-blick, N. (2004) «A new period for the geologic time scale» – Science, bind 305, nr. 5684, s. 621–622.
  6. Hoffmann, K.H., Condon, D.J., Bowring, S.A., Crowley, J.L. (2004) «U-Pb zircon date from the Neoproterozoic Ghaub Formation, Namibia: Constraints on Marinoan glaciation» – Geology, bind 32, nr. 9, s. 817–820.
  7. Calver, C.R., Black, L.P., Everard, J.L., Seymour, D.B. (2004 tittel = U-Pb zircon age constraints on late Neoproterozoic glaciation in Tasmania) «{{{tittel}}}» – Geology, bind 32, nr. 10, s. 893–896.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Ediacara
Proterozoikum
Paleoproterozoikum Mesoproterozoikum Neoproterozoikum
Siderium Rhyacium Orosirium Statherium Calymmium Ectasium Stenium Tonium Kryogenium Ediacara