Ediktet i Nantes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ediktet i Nantes, april 1598.

Ediktet i Nantes (Det nantiske ediktet) vart utskrive av kong Henrik IV av Frankrike i Nantes den 13. april 1598.

Ediktet var offentlege forordningar som skulle verne dei franske hugenottanee mot overgrep og undertrykking. Kongen hadde sjølv vore protestant, men for å bli anerkjent som konge av Frankrike hadde han konvertert til katolisismen.

I følgje ediktet fekk hugenottane rett til å halde gudstenester visse stader, og som ein garanti for at rettane deira skulle respekterast fekk dei halde kring hundre befesta tryggleiksstader. Hugenottane fekk òg rett til å inneha embete. Ediktet vart oppheva i 1685 under Ludvig XIV av Frankrike med ediktet i Fontainebleau og førte til auka fiendskap og bortdriving av hugenottane.

[endre] Sjå òg

[endre] Bakgrunnsstoff

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Ediktet i Nantes

[endre] Kjelder

Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk