Termionemisjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Edison-Richardson-effekten)
Nærbilete av tråd i ein utladingslampe med lågt trykk som syner det kvite termionemisjon-blandingsdekket i ein gasslampe.

Termionemisjon er ein varmeframkalt straum av ladningsberarar frå ei flate eller over ein potensial-energi barriere. Dette skjer fordi varmeenergien som bæraren får vert større enn bindingspotensialet, òg kjend som arbeidsfunksjonen til metallet. Ladningsberaren kan vere elektron eller ion og i eldre litteratur vert dei stundom kalla «termion». Etter emisjonen vil det i emisjonsregionen vere att ein ladning som er lik storleiken til og med motsett forteikn av den totale ladningen som er emittert. Men om utsleppskjelda er tilkopla eit batteri, så vil ladningen som vert verande att verte nøytralisert av ladning frå batteriet.

Det klassiske døme på termionemisjon er emisjon av elektron frå ein katode av varmt metall i eit vakuumrøyr.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]