Edith Södergran

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Edith Södergran

Statsborgarskap Det russiske imperiet, Finland
Fødd 4. april 1892
St. Petersburg
Død

24. juni 1923, 23. juni 1923 (31 år)
Roshchino

Yrke lyrikar, skribent
Språk svensk
Edith Södergran på Commons

Edith Irene Södergran (4. april 189224. juni 1923) var ein finlandssvensk diktar. Ho var fødd i St. Petersburg i Russland, budde vekselvis i St. Petersburg og i Raivola i Karelen i Finland frå ho var nokre månader gammal.

Frå 1902 til 1909 gjekk Edith på den tyskspråklege jenteskulen Die deutsche Hauptschule zu S:t Petri, i St. Petersburg.

I 1907 døydde far hennar av tuberkulose, og året etter vart same sjukdomen påvist hos Edith. Ho vart send til eit sanatorium, der treivst ho ikkje. Kjensla av å vere fanga av sjukdomen og sanatoriet, vart eit vedvarande tema i hennar poesi.

Oktober 1911 reiste Edith og mora til Arosa i Sveits. Der vart Edith undersøkt av ulike legar. Etter får månader vart ho forflytta til Davos-Darf-sanatoriet. I mai 1912 var tilstanden så god ho kunne reise heim. Seinare tok sjukdomen seg opp att, og ho døydde i heimen i Raivola. Bustaden vart elles øydelagd under andre verdskrigen.

Södergran var lite anerkjent i si samtid, men vert i dag halden som ein av Finlands fremste poetar. Ho vert rekna som ein av dei største modernistiske lyrikarane i Norden. Ho var den fyrste finlandsk-svenske modernisten, påverka av både fransk symbolisme, tysk ekspresjonisme og russisk futurisme. Dikta er karakterisert av fri rytme og vár intimitet, som gjer dei lett tilgjengelege for lesaren.

Hennar fyrste verk, Dikter, inneheld nokre av hennar best kjende kjærleiksdikt. Desse dikta skreiv ho etter eit kjærleiksforhold som verka sterkt på henne. Hennar seinare arbeid byter ut det vare, med sterke, profetiske syner som sjokkerte kritikarane. Hennar siste verk, Landet som icke är, er ei samling resignerte, intime dikt; skrivne nær slutten av livet hennar. Dei vart samla av lyrikaren Hagar Olsson og utgitt etter hennar død.