Edmond Halley

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Byste av Halley i observatoriet i Greenwich.
Plakett til minne om Halley i Westminster Abbey i London.

Edmond (el. Edmund) Halley (29. oktober 165614. januar 1742) var ein engelsk astronom, geofysikar, matematikar, meteorolog, klimatolog og fysikar. Han har gjeve namn til fleire astronomiske fenomen, mellom anna Halleys komet.

Liv og karriere[endre | endre wikiteksten]

Halley var son av ein rik såpemakar og blei fødd i Haggerston i London. Han gjekk på St Paul's School og var frå 1673 student ved The Queen's College i Oxford. Allereie før han tok noka grad gav han ut artiklar om solsystemet og solflekkar.

Etter at han gjekk ut av Oxford i 1676 drog han til øya St. Helena i Sør-Atlanteren for å studera den sørlege stjernehimmelen. Han kom tilbake til England i november 1678, og gav året etter ut Catalogus Stellarum Australium, som skildra 341 sørlege stjerner. For dette viktige bidraget til astronomien blei Halley likna med Tycho Brahe. Han fekk grada Master of Arts ved Oxford og blei vald inn i det kongelege vitskapslaget, Royal Society.

Andre ting namngjevne etter Edmond Halley[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]