Edmund II av England

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Edmund II

Edmund II (til venstre) i kamp mot Knut den mektige.
Illustrasjon frå 1200-talet av Matthew Paris.
Konge av England
Regjeringstid23. april 1016–30. november 1016
Føddca. 990
FødestadWessex i England
Død30. november 1016
DødsstadOxford eller London
GravstadGlastonbury Abbey
FøregangarEthelred II av England
EtterfølgjarKnut den mektige
Gift medEaldgyth
Gift medEaldgyth
DynastiHuset Wessex
FarEthelred II av England
MorÆlfgifu of York
BornEdvard Aetheling (1016–1057)
Edmund (fødd ca. 1017)

Edmund II «jernside»(fødd ca. 989, død 30. november 1016) var konge av England frå 23. april 1016 og fram til døden eit drygt halvår seinare. Han var sonen til Ethelred den rådville og Ælfgifu av York. Edvard vedkjennaren var halvbroren hans. Ifølgje den angelsaksiske krønika fekk tilnamnet «isen-healf» ('jernside') på grunn av sine militære bragder mot dei invaderande danane.

I 1015 gifta Edmund seg med enkja etter ein dansk herskar i England som truleg heitte Ealdgyth. Han gjorde dette på trass av ordre frå faren, som ville ha henne plassert i Malmesbury kloster. Etter at faren døydde blei Edmund vald til konge av rådmenn og borgarar i London. Rivalen hans, Knut den store, hadde større støtte enn han i resten av landet, og blei vald til konge av eit råd (witan) i Southampton.

Edmund blei slått av danane ved slaget i Assandun i 1016, og gjekk med på ein fredsavtale med Knut den mektige. Han fekk lov av Knut den store til å halde på Wessex, mot at det var klart at den av dei som overlevde den andre skulle herske over heile England. Kort tid etter denne semja døydde Edmund, noko som gjorde at Knut kunne bli einekonge og blei sett på som særs mistenkeleg. I ettertid er det blitt fortald ei rekkje versjonar av korleis han døydde, til dømes at han skal ha blitt stukke i enden mens han var på do. Det finst likevel ikkje noko prov på at døden hans var noko anna enn naturleg.

Edmund II blei gravlagt i Glastonbury kloster. Han hadde to barn som er kjende for ettertida: Edvard Aetheling (1016–1057) og Edmund (fødd ca. 1017).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]