Edmund Piątkowski

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Edmund Piątkowski (fødd 31. januar 1936) er ein polsk, tidlegare friidrettsutøvar frå landsbyen Florentynów. Han vart europameister i diskoskast i 1958, og sette året etter ein verdsrekord i øvinga. I si tid som aktiv var Piątkowski 182 cm høg og vog 95 kg.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Dei polske kastarane lukkast overmåte under EM i friidrett 1958 i Stockholm. Tadeusz Rut vann sleggjekast og Janusz Sidło sigra i spydkast, og i diskoskast vann, særs overraskande, den unge polakken Edmund Piątkowski. Med 53,92 meter slo han bulgararen Todor Artarski med 10 centimeter og russaren Vladimir Trusenjov med 18 cm.

Den 14. juni 1959 slengde Piątkowski i Warszawa diskosen 59,91 meter. Med det sette han verdsrekord og forbetra den seks år gamle rekorden til Fortune Gordien med 63 centimeter. I olympiaåret 1960 heldt Piątkowski ikkje same nivå som i 1959-sesongen. Han vart nummer fem i OL i Roma med 55,12 meter.

USA-amerikanaren Jay Silvester slengde den 11. august 1961 diskosen heile 60,56 meter, og fyrste mann som kasta diskosen over 60 meter. Berre fem dagar seinare kasta Piątkowski i Lodz 60,47 meter og sette europarekord. Russaren Trusenjov tok over som europa-rekordhaldar i 1962, og vart også meister i øvinga under europameisterskapen i Beograd. Piątkowski vart nummer i EM med eit lengstekast på 55,13 meter.

Piątkowski vart sjuandemann med 55,81 m under OL-finalen 1964. To år seinare forbetra han sin polske rekord frå 1961 til 61,06 meter. Same året ved europameisterskapen i Budapest kom han som i førre EM på fjerdeplass. Alle medaljane i øvinga gjekk til dei austtyske deltakarane i øvinga; Detlef Thorith, Hartmut Losch og Lothar Milde. Med 56,76 m var Piątkowski 66 cm bak gullmedaljøren og fire centimeter frå bronsevinnaren. I 1967 oppnådde Piątkowski 61,12 meter, hans aller beste som aktiv. Under OL 1968 i Mexico-byen vart han som i førre OL nummer sju.

I perioden 1955-69 vann Piątkowski alle dei nasjonale meisterskapane i diskoskast. Einast i 1956 og 1967 gjekk den nasjonale tittelen til ein annan utøvar.

Piątkowski deltok også i kulestøyt, der han hadde ein personleg rekord på 18,05 m.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]