Eduard Bernstein

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Eduard Bernstein.jpg

Eduard Bernstein (6. januar 185018. desember 1932) var den første og er kanskje den mest kjende av dei store «revisjonistane» i den sosialistiske rørsla. Bernstein var fødd i Tyskland i 1850, var av jødisk ætt, og aktiv i det tyske sosialdemokratiske partiet (SPD) både i eksil og i heimlandet.

I boka Die Voraussetzungen des Sozialismus und die Aufgaben der Sozialdemokratie («Føresetnadene for sosialismen og oppgåvene for sosialdemokratiet»), som blei utgitt i 1899, reviderte han nokre av Karl Marx sine teoriar, som Bernstein meinte hadde synt seg å vere feilaktige i lys av utviklinga etter dei blei utforma. Bernstein meinte blant anna at sosialismen kan innførast på fredeleg vis og i ein gradvis prosess i land med nokolunde demokratisk styresett. Denne «revisjonismen» utløyste ein stor debatt i den internasjonale sosialistiske rørsla på den tida, som var organisert i Andre Internasjonalen. Særleg Karl Kautsky, Rosa Luxemburg og Vladimir Lenin gjekk til harde åtak på Bernstein. Sjølv om Bernstein «tapte» debatten, er variantar av «revisjonismen» blitt grunnlaget for den faktiske politikken til dei aller fleste sosialistiske parti i verda, i den praktiske utforminga som reformisme.

Men til liks med Marx har heller ikkje Bernstein synt seg å vere ufeilbarleg, så nokre av revisjonane hans er sidan blitt reviderte. Det gjeld blant anna teorien til Bernstein om at kapitalismen var blitt så organisert at han er krisefri. Blant anna den store verdskrisa frå 1929 og frametter motbeviste det.

Bernstein var fødd i Berlin og døydde same staden i 1932.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg artiklane Karl Marx, marxisme og sosialisme.