Eduard Vilde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Eduard Vilde (1911)
Eduard Vilde haud.jpg

Eduard Vilde (fødd 4. mars 1865 i Väike-Maarja vald i Estland, død 26. desember 1933 i Tallinn) var ein estisk forfattar og ein av grunnleggjarane av den estiske realismen, i tillegg til at han var journalist.

Eduard Vilde kom frå ein familie som i fleire generasjonar hadde arbeidd som godstenarar. Han voks opp på godset Muuga ved det som i dag er Laekvere. Frå 1878 til 1882 gjekk han på distriktsskulen i Tallinn. I perioden 1883–1886 var han i redaksjonen i avisa Virulane og frå 1887 til 1890 var han tilsett i Postimees tätig. Frå 1890 arbeidde han som frilansjournalist i Berlin. I perioden 1883–1905 var han innom fleire ulike aviser i Estland (mellom andre Virmaline i Narva, Eesti Postimees, Teataja i Tallinn og Uudised i Tartu. I 1896 budde han ein kort periode i Moskva.

Grunna aktivismen hans mot tsarregjeringa, måtte han leve i eksil etter 1905-revolusjonen i Russland. Heilt fram til februarrevolusjonen i 1917 budde han, saman med kona si Linda Jürmann (1880–1966), i mellom anna Sveits, Finland, Tyskland, USA (1911) og i København (1911–1917).

Etter at han i 1917–18 kom tilbake til Estland, byrja han som dramaturg ved Operahuset Estonia. Frå 1919 til 1920 var han i teneste som diplomat for den unge Republikken Estland ved ambassaden i Berlin, der han frå 1920 til 1923 arbeidde som frilanskunstnar. I 1923 flytta han tilbake til Tallinn.

Eduard Vilde var ein av dei mest produktive, mest allsidige og best kjende estiske forfattarane og journalistane i si tid. Han vert rekna som grunnleggjaren av den kritiske realismen i estisk litteratur. Hovudverka hans er dei historiske trilogiane Mahtra sõda (1902), Kui Anija mehed Tallinnas käisid (1903) og Prohvet Maltsvet (1905–1908). Dei er sentrale verk om historia til det estiske folket. Romanane inneheld også mykje kjeldemateriale og mange memoarar frå Eduard Vilde.

Verk[endre | endre wikiteksten]

  • Musta mantliga mees (1886)
  • Kuhu päike ei paista (1888)
  • Kõtistamise kõrred (1888)
  • Karikas kihvti (1893)
  • 'Linda' aktsiad (1894)
  • Külmale maale (1896)
  • Raudsed käed (1898)
  • Mahtra sõda (1902)
  • Kui Anija mehed Tallinnas käisid (1903)
  • Prohvet Maltsvet (1905–1908)
  • Jutustused (1913)
  • Mäeküla piimamees (1916)
  • Tabamata ime (1912)
  • Pisuhänd (1913)
  • Side (1922)
  • Rahva sulased (ikkje ferdig, 1934)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]