Edvard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Edvard eller Edward er mannsnamn med opphav i det gammalengelske Eadweard. Namnet er sett saman av ed-, 'rikdom' og vard, 'vaktar'. I Noreg og Sverige har Edvard namnedag den 18. mars, som er festdagen for Edvard Martyren.

Namnet kan òg skrivast Eduard, Edouard, Eduardo og Edoardo. Det har kortformer som Ed, Edo, Eddy, Eddie, Ned/Neddy og Ted/Teddy. Edvarda er eit avleidd kvinnenamn.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

På slutten av 1500-talet var Edward eit svært vanleg namn i England. I dag er Edvard eit vanleg namn i Finland, Edward er vanleg i Polen og USA og Eduardo er vanleg i Chile og Spania.

Edvard var eit utbreidd namn i Noreg på slutten av 1800-talet. Bruken gjekk ned i løpet av 1900-talet, men tok til å stiga igjen pÅ 1990-talet. I 2009 var det 2 064 menn som heitte Edvard i Noreg, 485 som heitte Edward og 117 som heitte Eduardo.

Namneberarar[endre | endre wikiteksten]

Fotografi av og namnetrekket til Edvard Grieg.

Ei rekkje kongar, særleg i England og seinare Storbritannia, har hatt namnet Edward.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]