Edvard Hagerup

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Edvard Hagerup

Edvard Hagerup (9. september 178129. mars 1853) var ein norsk jurist, embetsmann og stortingsmann.

Hagerup var fødd i Kristiansand, der faren Eiler Hagerup var biskop. Han vart uteksaminert frå Bergens katedralskule i 1797, og vart cand. jur. i 1802. Frå 1802 arbeidde han ved stiftskontoret i Bergen, 1807 rådstuskrivar i byen. 1815 vart han assessor i stiftsoverretten i Bergen.

Han var amtmann i Nordre Bergenhus amt frå 1822, og i Søndre Bergenhus amt frå 1831. Til sist var han 1834-52 stiftamtmann i Bergen.

Hagerup representerte Bergen på det overordentlege storting 1814, og på stortinget i både 1824 og 1827. Ved stortingsvala 1818, 1821 og 1833 nådde han ikkje heilt opp, kom ved dei høva på 1. eller 2. varamannsplass.

I 1814 var Hagerup sekretær i Lagtinget. Han var elles medlem av deputasjonen som reiste til Stockholm. På tingsamlinga 1824 var han visepresident i Lagtinget og formann i tre komitear. Både i 1827 og 1828 var han president i Lagtinget. Han var president i riksretten i 1827.

Stiftsgarden i Bergen har namn etter Hagerup. Han eigde huset frå 1809 til han døydde der i 1853. Mykje av interiøret stammar frå hans eigartid.

I 1849 vart han tildelt Storkors av St. Olavs Orden.

Hagerup var bestefar til Edvard Grieg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
  • Den Kongelige norske Sankt Olavs orden 1847-1947, utgitt av ordenskanselliet ved O. Delphin Amundsen, Grøndahl & Søns Forlag, Oslo, 1947
  • Edvard Hagerup, Norsk samfunnsvitenskapelig datatjeneste

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]