Edvard Hoem
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Edvard Hoem | |
| Nasjonalitet | Norsk |
| Fødd | 10. mars 1949 (64 år) |
| Yrke | Forfattar, omsetjar |
| Periode | 1969- |
| Debut | Som grønne musikantar |
Edvard Arnt Hoem (fødd 10. mars 1949) er ein norsk forfattar. Han vart fødd i Fræna i Romsdal i Møre og Romsdal fylke.
Han debuterte i 1969 med diktsamlinga «Som grøne musikantar», og har sidan skrive ei lang rekkje romanar, skodespel, dikt og salmar. Han arbeider òg som omsetjar. Hoem var tilknytt Det Norske Teatret i 1976, og frå 1980–1986 som husdiktar og dramaturg. Han var teatersjef ved Teatret Vårt i Molde i perioden 1997–1999.
Hoem skriv for det meste på nynorsk. I 2005 var han festspeldiktar under Dei Nynorske Festspela.
Innhaldsliste |
Utgjevingar [endre]
- Som grønne musikantar, dikt, 1969
- Landet av honning og aske, 1970
- Anna Lena, 1971
- Kvinnene langs fjorden, skodespel, 1973
- Kjærleikens ferjereiser, roman 1974
- Musikken gjennom Gleng og Tusen fjordar, tusen fjell, to skodespel, 1977
- Gi meg de brennende hjerter. Melding fra Petrograd, 1978
- Der storbåra bryt, skodespel, 1979
- Fjerne Berlin, 1980
- Du er blitt glad i dette landet: dikt og songar, 1982
- God natt, Europa, dikt, 1982
- Lenins madam, dikt, 1983
- Prøvetid, 1984
- Heimlandet. Barndom, 1985
- Ave Eva, 1987
- Landkjenning Romsdal, 1987
- Sankt Olavs skrin, skodespel, 1989
- Til ungdommen. Nordahl Griegs liv. 1989
- I Tom Bergmanns tid, 1991
- Årstidene, dikt, 1991
- Engelen din, Robinson, 1993
- Meisteren og Mirjam : pasjonsdrama, 1995
- Tid for klage tid for dans, 1996
- Frøken Dreyers musikkskole, 2001
- Audun Hestakorn, skodespel, 2002
- Den fattige gud, salmar og balladar. 2003
- Kristuskonfigurasjonar – Lesestykke til bruk i tida frå første desember til trettandedag jul (2003)
- Roerne i Christiania, dokumentarroman. 2003
- Kom fram, fyrste! 2004 Om erkebiskop Olav Engelbrektsson
- Kom fram, fyrste! – Historisk roman (2004)
- Mors og fars historie – roman (2005)
- Faderen. Peder Bjørnson forsvarer seg, roman (2007)
- Mikal Hetles siste ord, skodespel, (2007)
- Villskapens år – Bjørnstjerne Bjørnson 1832-1875 (2009)
- Vennskap i storm – Bjørnstjerne Bjørnson 1875-1889 (2010)
- Syng mig hjæm – Bjørnstjerne Bjørnson 1890-1899 (2011)
- Det evige forår. Bjørnstjerne Bjørnson 1899–1910 (2013)
Utmerkingar [endre]
- I 1974 vann han Den norske Kritikerprisen for litteratur for Kjærleikens ferjereiser
- I 1974 vann han Sunnmørsprisen for same boka
- I 1975 vart han nominert til Nordisk Råds litteraturpris, igjen for Kjærleikens ferjereiser
- I 1978 fekk han Sokneprest Alfred Andersson-Ryssts fond
- I 1985 fekk han Aschehougprisen
- I 1985 vart han på nytt nominert til Nordisk Råds litteraturpris, for Prøvetid
- I 1987 vann han Nynorsk litteraturpris for Ave Eva. En herregårdsroman
- I 1988 fekk han Doblougprisen
- I 1988 vart han for tredje gong nominert til Nordisk Råds litteraturpris, denne gongen for Ave Eva. En herregårdsroman
- I 1989 fekk han Gyldendals legat
- I 2000 vart han tildelt Aksel Waldemars minnepris under utdelinga av Heddaprisen.
- I 2006 fekk han Melsom-prisen
- I 2006 vart han for fjerde gong nominert til Nordisk Råds litteraturpris, for Mors og fars historie
- I 2007 fekk han Petter Dass-prisen for boka Mors og fars historie
- I 2008 fekk han Ibsenprisen for Mikal Hetles siste ord
- I 2009 vann han Årets bok - Klassekampens litteraturpris
- Frå 2012 vart han statsstipendiat.
Kjelder [endre]
Bakgrunnsstoff [endre]
- Digitaliserte bøker av Edvard Hoem hjå Nasjonalbiblioteket
Kategoriar:
- Fødde i 1949
- Folk frå Fræna
- Forfattarar frå Møre og Romsdal
- Målfolk
- Norske dramatikarar
- Norske lyrikarar
- Norske romanforfattarar
- Norske salmediktarar
- Norske skjønnlitterære debutantar i 1969
- Norske teatersjefar
- Nynorskforfattarar
- Statsstipendiatar
- Vinnarar av Kritikerprisen
- Vinnarar av Doblougprisen
- Vinnarar av Gyldendals legat
- Vinnarar av Heddaprisen
- Vinnarar av Melsom-prisen
- Vinnarar av Nynorsk litteraturpris