Edvard Liljedahl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Edvard Liljedahl

Edvard Apolloniussen Liljedahl (fødd 6. august 1845 i Vik i Sogn, død 10. oktober 1924 i Vik i Sogn) var ein norsk kyrkjesongar, lærar, postmeister og politikar for partia Venstre, Moderate Venstre og Frisinnede Venstre.

Han var medlem av Statsrådsavdelinga i Stockholm frå 6. mars til 12. juli 1889 i Johan Sverdrups regjering. Han var sjef for Kyrkje- og undervisningsdepartementet i Jens Bratlies regjering som sat frå 20. februar 1912 til 30. januar 1913.

Liljedahl vart innvald til Stortinget ni gongar, første gong i 1880. For perioden 1889–1891 representerte han Moderate Venstre, i dei andre periodane Venstre. Han var odelstingspresident 18991900 og stortingspresident 19031904 og 19081909.

Han tok eksamen ved Stord seminar 1866 og verka som lærar og kyrkjesongar i Kyrkjebø frå 1867 til 1889. Frå 1891 til 1901 var han postmeister i Ålesund, frå 1901 til 1904 i Bergen. 18871891 var han ordførar i Kyrkjebø , der han sat i heradsstyret i 14 år. Han var seinare medlem av Ålesund bystyre.

Liljedahl vart i 1896 utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden, og i 1901 forfremja til kommandør av 1. klasse. Han var også innehavar av den franske Æreslegionen og den svenske Nordstjerneordenen.

Han var son av lærar og kyrkjesongar, tidlegare gullsmedsvend Apollonius Liljedahl og hustru Britha Olsdatter Hopperstad. Han vart i 1869 gift med Barbra Ramsli (1850–1928).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Den Kongelige norske Sankt Olavs orden 1847-1947, utgitt av ordenskanselliet ved O. Delphin Amundsen, Grøndahl & Søns Forlag, Oslo, 1947

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]