Edward Snowden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Edward Snowden

Statsborgarskap USA, Russland
Fødd 21. juni 1983 (40 år)
Elizabeth City
Yrke systemadministrator, etterretningsoffiser, vekter, varslar, Dissident, informatikar, intelligence analyst
Språk engelsk, fransk
Medlem av Chaos Computer Club, Freie Universität Berlin
Far Lonnie Glenn Snowden, Jr.
Mor Elizabeth Snowden
Ektefelle Lindsay Mills
Edward Snowden på Commons

Edward Joseph Snowden (fødd 21. juni 1983) er ein tidlegare tilsett ved CIA som i juni 2013 gav hemmelegstempla informasjon om USA sitt spionprogram Prism til The Washington Post og The Guardian. Dokumentasjonen som han gav til avisene synte at USA driv omfattande spionasje ved å avlytta Internett-trafikk og at fleire store føretak i USA har vore pressa til å gi frå seg opplysningar om kundar[1]. Den 21. juni 2013 vart han skulda for brot på spionparagrafen av 1917 i USA, men han greidde å rømme til Moskva før han vart arrestert.

Asyl i Russland[endre | endre wikiteksten]

Snowden vart etter ca. ein månads ophold i transithallen i Moskva-Sjeremetevo Internasjonale Lufthavn tildelt eitt års mellombels asyl i Russland[2], som han, då denne perioden tok ende, fekk forlenga i 3 år.[3][4]

Sidan Snowden fekk asyl i Russland har han av amerikanske politikarar vorte anklaga for å vere russisk spion, noko som FBI ikkje har lukkast bevise[5]. Snowden forklarte i eit intervju med "Norddeutscher Rundfunk" i januar 2014 at dersom han skulle venda attende til USA, ville han verta utsett for ein skinnrettargang, og at ei rekkje amerikanske tenestemenn har uttrykt ynskje om å sjå honom død[6][7]. Snowden lever framleis (2018) i Moskva, betaler husleige og andre utgifter ved å halda foredrag og intervju.[8]

Prisar[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.