Edward Braddock

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
General Edward Braddock

General Edward Braddock (169513. juli 1755) var ein britisk soldat og øvstkommanderande i Nord-Amerika i starten av den franske og indianske krigen (1754–1763). Han vart best hugsa for å ha leia den katastrofale ekspedisjonen mot Fransk Canada i 1755, der han mista livet.

Braddock vart fødd i Perthshire i Skottland i 1695. Han gjekk inn i militæret i 1710. I 1747 var han oberstløytnant under prinsen av Orange i Nederland under omleiringa av Bergen op Zoom. I 1753 vart han oberst og året etter generalmajor.

Han vart kort tid etter utpeikt til å kommandere britane i den franske og indianske krigen mot franskmennene i Nord-Amerika. Han gjekk i land i Virginia den 19. februar 1755 med to britiske regiment. Etter å ha møtt fleire koloniguvernørar i kongressen i Alexandria den 14. april, avgjorde dei å ha fleire slag mot franskmennene. Braddock skulle leie ein ekspedisjon for å ta Fort Duquesne ved forgreininga i Ohioelva.[1]

General Braddock si grav nær Great Meadows i Pennsylvania

Etter månader med førebuingar sette ekspedisjonen av stad, der George Washington var frivillig offiser. 9. juli 1755 kryssa dei Monongahelaelva og trefte nesten med ein gong etter på ein styrke av indianarar og franskmenn. Braddock og soldatane hans vart totalt overraska og Braddock fall til slutt etter eit skot gjennom høgrearmen og inn i lunga.[1]

Braddock vart bore av slagmarka av Washington og ein anna offiser og døydde 13. juli 1755. Like før han døydde gav han Washington skulderskjerfet sitt som han hadde som ein del av uniforma. Visstnok skal Washington etter dette aldri ha gått nokon stad utan dette skjerfet.

Braddock vart gravlagd like vest for Great Meadows.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Edward Braddock» frå Wikipedia på engelsk, den 3. januar 2010.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
    • Fort Necessity nasjonale slagmark
    • explorepahistory.com
    • Fred Anderson, Crucible of War: The Seven Years' War og the Fate of Empire in British North America: 1754-1766 (New York: Alfred A. Knopf, 2000).
    • Paul Kopperman, Braddock at the Monongahela (Pittsburgh, PA: University of Pittsburgh Press, 1977).
    • Lee McCardell, Ill-Starred General: Braddock of the Coldstream Guards (Pittsburgh, PA: University of Pittsburgh Press, 1958).
    • Louis M. Waddell og Bruce D. Bomberger, The French and Indian War in Pennsylvania: Fortification and Struggle During the War for Empire (Harrisburg, PA: Pennsylvania Historical og Museum Commission, 1996).