Edward Burne-Jones

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Edward Burne-Jones (til venstre) og William Morris i 1874

Edward Coley Burne-Jones (28. august 183317. juni 1898) var ein britisk målar og formgjevar som var tett knytt til prerafaelittane, på mange måtar ein føregangsmann for desse. Han arbeidde tett med William Morris på felt som tekstildesign, glasmåling og med utforming og illustrering av bøker. Kona hans var tante til både den seinare statsministeren Stanley Baldwin og til forfattaren Rudyard Kipling.

Kong Copethua og tiggarjenta, 1882

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Burne-Jones var fødd i Birmingham, der faren var rammemakar. Medan han gjekk gymnaset, vekte Burne-Jones merksemd med sine karikaturar av lærarane på skulen. Som 15-åring gjekk han i tillegg på kveldskurs på statleg design-skule.

Frå 1853 studerte Burne-Jones teologi ved Exeter College i Oxford, der han innleia venskapen med William Morris. Her såg han for fyrste gongen eit verk av av prerafaelittane, John Everett Millais sitt Dua vender tilbake til arka. Saman med Morris besøkte han kunstmuseet Louvre i Paris. Han bestemte seg då for å verte kunstnar, og fullførte ikkje teologistudiane.

I 1856 vart Burne-Jones kjend med John Ruskin og Dante Gabriel Rossetti, som kvar på sitt vis påverka han. Året etter prøvde han seg som oljemålar, men konsentrerte seg om glasmåling og skapte sine fyrste framifrå teikningar utførte blystift og tusj. Frå 1860 gjekk han over til akvarellfargar. Med denne måletypen laga han bileta Sidonia von Bork og Clara von Bork, inspirert etter ein roman av den tyske forfattaren Wilhelm Meinhold.

År 1867 slo Burne-Jones seg ned i bydelen Fulham i London. I mange år stilte han ikkje ut arbeida sine. Sitt store gjennombrot opplevde han i 1877, då fleire av oljemåleria hans vart stilt ut i Grosvenor Gallery i London. Frå 1885 var han formann i kunstforeininga i Birmingham.

Ved sidan av måling sysla Burne-Jones med kunsthandverk, glasmåling, keramikk, gobelin og bokillustrajsonar. Måleria og illustrasjonane hans påverka den franske symbolistiske kunsten og stilretninga art nouveau.

1894 vart Burne-Jones utnemnd til baron.

Ettertida[endre | endre wikiteksten]

Kort tid etter han døydde, hamna Burne-Jones sine verk i gløymeboka. Hans vekt på objektivitet og det ornamentale braut med prinsippa til den framveksande modernismen. Dermed vart kunsten hans opplevd som forelda. I dag vert Burne-Jones rekna som ein av dei fremste britiske kunstnarane i det 19. hundreåret.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Edward Burne-Jones

Kjelder[endre | endre wikiteksten]