Edward Hawke
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Edward Hawke, 1. Baron Hawke (21. februar 1705–16. oktober 1781) var ein britisk offiser i Royal Navy.
Han vart fødd i London og gjekk inn i marinen i 1720, men var aldri ute for kamphandlingar før slaget ved Toulon i 1744. Under den austerrikske arvefølgjekrigen vart han forfremma til kontreadmiral i 1747 og same året kapra han seks skip frå ein fransk skvadron i Biscayabukta under det andre slaget ved Kapp Finisterre. I sjuårskrigen erstatta Hawke admiral John Byng som kommandant i Middelhavet i 1756.
Han blokkerte Rochefort i 1757 og i 1757 leia han ein blokade på Brest i seks månader. Då flåten til Hawke vart drive bort av ein storm, nytta den franske flåten høve og segla frå hamna under Hubert de Brienne-Conflans. 20. november 1759 følgde han dei franske krigsskip og under eit uvêr vann han slaget ved Quiberonbukta, som i lag med sigeren til Edward Boscawen ved Lagos fjerna franskemennene som ein invasjonstrugsel.
Han pensjonerte seg og fekk æresgraden viseadmiral i Storbritannia i november 1765. Han vart adla i desember 1766 og vart baron i 1776.
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Edward Hawke, 1st Baron Hawke» frå Engelsk Wikipedia, den 1. januar 2009.