Edward Jenner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Edward Jenner

Edward Jenner (17. mai 174926. januar 1823) var ein britisk lege med praksis på heimstaden Berkeley i Gloucestershire i England. Han er kjent som oppfinnaren av vaksinasjonen. Om arbeidet hans har det vorte sagt at det har berga fleire menneskeliv enn nokon annan manns verk.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Jenner studerte anatomi og kirurgi ved St. George's Hospital i London. Han reiste så heim til Berkeley der han opna eigen legepraksis.

Vaksinasjon med levande koppar hadde vore praktisert i Tyrkia. Mary Wortley Montagu gjorde praksisen kjent i Vest-Europa, til dømes hadde Jan Ingenhousz praktisert metoden. Men det var eit risikabelt førebyggande tiltak. Frå 1770 vart fleire personar i England og Tyskland, mellom dei Benjamin Jesty i 1774 og Peter Plett i 1791, vaksinerte med kukopplymfar. Jenner var kjent med at budeier som vart smitta med kukoppar, vanlegvis ikkje fekk sjølve koppesykja. I mai 1796 gjorde han eit forsøk med guten James Phipps, som hadde fått blemmer av kukoppar. Guten vart vaksinert, og det viste seg at han var immun mot vanlege koppar. Jenner skreiv ein artikkel om testen, men Royal Society avviste den. Han gjorde då fleire forsøk, mellom anna med den 11 månader gamle sonen sin. I 1798 publiserte han resultata, og opplevde å verte gjort til lått. Det hindra ikkje at metoden hans snøgt kom i allmenn bruk. Jenner omtala metoden som "vaccination", på norsk vaksinasjon, frå latin vacca = kua.

Jenner var ein grundig observatør av naturen. Han var den som oppdaga at det var gaukungen som gradvis tvinga stesyskjena ut av reiret, tidlegare hadde ein trudd det var den vaksne gauken som fjerna dei andre ungane frå reiret. For denne observasjonen vart han i 1789 vald til medlem av Royal Society.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]