Edward Mordrake

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Edward Mordrake (stundom skrive Edward Mordake) var ein arving til ein av adelsfamiliane i England1800-talet som visstnok hadde eit kvinneandlet på bakhovudet sitt. I følgje soga hadde kunne andletet verken ete eller snakke, men kunne le og grine. Edward bad på sine kne om at lækjarane måtte fjerne denne «djevelske tvillingen» fordi det visstnok kviskra skrekkelege ting til han om natta, men ingen våga prøve fordi dei meinte han ville mista livet. Han tok livet sitt då han var 23 år gamal. Skildringa av Edward Mordrake er noko lik soga om Chang Tzu Ping og Pasqual Pinon.

Tom Waits har skrive ein song om Edward Mordrake kalla «Poor Edward» på albumet Alice frå 2002.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • «Edward Mordake – ‘Poor Edward’». J. Tithonus Pednaud. Henta 28. august 2006.