Edward Russell, 1. jarl av Orford

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Admiral Edward Russell, 1. jarlen av Orford, 1653–1727 av Thomas Gibson, måleri kring 1715

Flåteadmiral Edward Russell, 1. jarlen av Orford, PC (165326. november 1727) var marineminister under King Vilhelm III.

Han var barnebarnet til 4. jarl av Bedford og ein yngre bror av 5. jarl (seinare 1. hertug av Bedford).[1] Han gifta seg med syskenbarnet Lady Margaret Russell,[1] den yngste dottera til den 5. jarlen, men dei fekk ingen barn.

Berre 18 år gammal vart han løytnant i Royal Navy i 1671, og året etter vart han forfremma til kaptein.[1] I den tredje engelsk-nederlanske krigen var han i aktiv teneste i Nordsjøen i 1672 og 1673. Russell tente seinare i Middelhavet i operasjonar mot berbarpiratar med Sir John Narborough og Arthur Herbert frå 1676 til 1682.[1] I 1683 vart han oppsagt då alle medlemmer i Russel-familien fall i unåde hos kongen etter det vart oppdaga at Lord Russell var involvert i Rye House-plottet.

I 1688 var Russell ein av «the Immortal Seven», ei gruppe engelske adelsmenn som sende invitasjonen til Vilhelm, eit dokument som bad Vilhelm av Oranien om å avsetje kong Jakob II.[1] I den påfølgjande niårskrigen tente Russell til sjøs og var flåteadmiral etter 1690.[1] I 1692 vart Russell øvstkommanderande for den engelsk-nederlandske flåten som kjempa mot den franske flåten i Barfleur og øydela mykje av han i La Hougue, der sigeren vart det avgjerande sjøslaget i krigen.[1]

Russell vart marineminister i 1694,[1] noko han var fram til 1699. Han tente i Middelhavet frå 1694 til 1695 og vart Baron Shingay, Viscount Barfleur og Jarlen av Orford i 1697.[1] Desse titlane forsvann alle då den barnlause Orford døydde.

Etter ordre frå kong Vilhelm III var han den første engelske kommandanten til å overvintra i Cadiz. Dette førte til at engelskmennene ønskte ein engelsk middelhavsbase ved Gibraltar i 1704.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]