Edward Sabine
General Sir Edward Sabine (14. oktober 1788–26. juni 1883) var ein irsk astronom, geofysikar ornitolog og utforskar. Han vart fødd i Dublin og døydde ved East Sheen i Surrey.
Sabine er særleg kjend for to ting: han fann ut lengda på sekundpendelen, ein enkel pendel som har ein periode på jordoverflata på nøyaktig to sekund, altså eit sekund i kvar retning, og han gjorde omfattande forsking på jorda sitt magnetfelt. Han fekk oppretta magnetiske observatorium i dei britiske koloniane over heile jorda.
I tillegg forska han mykje på forskjellige emne som fuglar på Grønland (sabinemåse er kalla opp etter han), havtemperaturar, Golfstraumen, barometriske målingar av høgder, bogane til meridianane, korleis isbrear fraktar steinar, vulkanane på Hawaii og forskjellige emne innan meteorologi.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Edward Sabine» frå , den 8. mai 2010.