Edward Said

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Minneplakat over Edward Said sett opp på Vestbreidda.

Edward William Said (1. november 193525. september 2003) var ein palestinsk-amerikansk litteraturhistorikar. Han var professor i engelsk og samanlikande litteratur ved Columbia University. Innan akademia er han kjend som ein av grunnleggarane av post-kolonialistisk tenking, og omdefinerte omgrepet «orientalisme». Ved sida av sitt akademiske arbeid er Said særs kjend som ein sterk forkjempar for ein palestinsk stat.

Said vart fødd i Jerusalem og voks opp i Egypt. Han flytta til USA der han budde mesteparten av livet sitt som amerikansk statsborgar. Han underviste i 40 år ved Columbia University i New York der han vart professor i 1992. Said kjempa lenge for palestinarane og kritiserte stadig Israels okkupasjon av de palestinske områda. Han var medlem av det palestinske eksilparlamentet i 14 år til han valde å trekkje seg attende i 1991. Said var òg kritisk til Yassir Arafat og dei kompromissa han hadde vore med på gjennom Osloavtalen.